Vokativ er i grammatikken ein kasus som blir brukt i tiltale. Eit eksempel er latin domine 'herre!', som i nominativ heter dominus. Her er eit døme frå Matteus 8,2 i Vulgata, den latinske bibelen:

Faktaboks

Uttale
vˈokativ
Etymologi
av latin vocare ‘rope, kalle på’
  • Domine, si vis, potes me mundare. 'Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.'

Vokativ fanst i dei eldste indoeuropeiske språka og var bevart mellom anna i sanskrit, gresk, latin og irsk. Vokativ er framleis i bruk i moderne gresk, der kírie (κύριε) 'herre!' er vokativ av kírios (κύριος) 'herre':

  • Kírie, ean θélis, borís na me kaθarísis. (Κύριε, ἐὰν θέλῃς, μπορεῖς νὰ μὲ καθαρίσῃς.) 'Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.'

Substantiv i vokativ kan ikkje utgjere eit setningsledd, men står aleine som ei sjølvstendig ytring. Ein seier at vokativen er syntaktisk uintegrert. På grunnlag av at kasus viser kva funksjon eit setningsledd har i ei setning, til dømes om det er subjekt, indirekte objekt eller direkte objekt, kan det strengt teke hevdast at vokativ ikkje er ein kasus, berre ei tiltaleform.

Norske nomenfrasar i tiltale

Sjølv om norsk ikkje har vokativ, har mange nomenfrasar ei eiga form som berre blir nytta i tiltale, med eit adjektiv i bunden (bestemt) form følgt av eit substantiv i ubunden form:

  • Ubunden form: ein kjær ven; ein mild måne; ei gamal ørn
  • Bunden form: den kjære venen; den milde månen; den gamle ørna
  • Tiltaleform: kjære ven; milde måne; gamle ørn

I gamaldags eller spøkefull stil står ofte interjeksjonen o føre ei tiltaleform:

  • Ubunden form: ein stor gud; ei skjønn kvinne
  • Bunden form: den store guden; den skjønne kvinna
  • Tiltaleform: o, store Gud; o, skjønne kvinne

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg