Faktaboks

vietnamesisk
Etymologi

Vietnam kjem av vietnamesisk Việt Nam, som er lånt frå kinesisk og tyder 'sønnanfor Việt', der Việt var namnet på diverse sørkinesiske stammefolk i det gamle Kina

Uttale
vietnamˈesisk
Språkkodar
vi, vie (VI, VIE)
ISO-639:3
vie

Vietnamesisk er eit språk som høyrer til mon-khmer-språka, ei grein av den austroasiatiske språkfamilien. Det blir tala av litt over 90 millionar menneske (2021) i Vietnam – der det er offisielt språk – og Kambodsja, og av kring 4 millionar vietnamesarar i USA og andre vestlege land.

Dialektar

Dei vietnamesiske dialektane blir delte i fire hovudgrupper: nordlege, nordleg-sentrale, sørleg-sentral og sørlege. Variasjonen mellom dialektane gjeld fyrst og fremst ordtilfang og uttale (fonologi) og i mindre grad grammatikk. Folk frå ulike delar av landet har få problem med å forstå kvarandre.

Dialekten i hovudstaden Hanoi (Hà Nội), som høyrer til den nordlege gruppa, er den viktigaste, og på andre plass kjem dialekten i Ho Chi Minh-byen (Thành phố Hồ Chí Minh), fram til 1976 kalt Saigon (Sài Gòn). Ordtilfanget i Hanoi-dialekten blir rekna som standard og blir brukt i medium, bøker og undervisning. Hanoi-dialekten har ein fonologi som på fleire punkt er meir konservativ enn dialektane lenger sør.

Språkhistorie

Då dei nordlege delane av det noverande Vietnam blei okkuperte av Kina i det andre hundreåret fvt., under Han-dynastiet, blei kinesisk offisielt språk. Etter at Vietnam atter blei uavhengig på 900-talet evt., heldt kinesisk fram med å vere språket i administrasjon, utdanning og litteratur. Gjennom den lange perioden med kinesisk påverknad lånte vietnamesisk store mengder kinesiske ord. Til og med landsnamnet, på vietnamesisk Việt Nam, kjem av kinesisk 越南, som på kinesisk under Han-dynastiet blei uttalt *wɑt nǝm og på moderne mandarin blir uttalt Yuènán.

Tidleg på 1000-talet evt. blei det utvikla eit skriftsystem for vietnamesisk, chữ Nôm 𡨸喃 'sør-skrift', der 喃 Nôm 'sør' viste til Vietnam. I chữ Nôm blei lånord frå kinesisk skrivne med vanlege kinesiske teikn, mens andre ord blei skrivne med nye teikn laga etter same prinsipp som dei kinesiske. Dei to teikna som chữ Nôm blir skrive med,𡨸喃, er eksempel på slike nye vietnamesiske teikn. Dei inneheld element som er henta frå vanlege kinesiske teikn – 𡨸 består av 宁 og 字, 喃 består av 口 og 南 – men i kombinasjonar som er ukjende i kinesisk.

På slutten av 1500-talet og byrjinga på 1600-talet kom det jesuittiske misjonærar til Vietnam, mange av dei frå Portugal. For å lære seg vietnamesisk utvikla dei ei rettskriving basert på det latinske alfabetet. Rettskrivinga, som fekk namnet quốc ngữ 'nasjonalspråk' (eit lånord frå kinesisk 國語, med uttalen kuǝk ŋɨɑ under Han-dynastiet, guóyǔ på moderne mandarin), var i hovudsak fonemisk.

Chữ Nôm var i bruk heilt fram til byrjinga av 1900-talet, men dei franske kolonimaktene, som frå 1860-talet gradvis tok makta i Vietnam, motarbeidde og til dels forbaud bruken av chữ Nôm. Dei støtta bruken av quốc ngữ, som utover på 1900-talet blei heilt dominerande. Sjølv om quốc ngữ i stor grad er fonemisk, byggjer det på uttalen tidleg på 1600-talet, slik at ingen i dag snakkar eit vietnamesisk som stemmer heilt med quốc ngữ. På grunn av dette har fleire bokstavar ein uvanleg uttale. Tidleg på 1600-talet representerte d lyden /ð/, men /ð/ har blitt til /z/ i alle vietnamesiske dialektar, slik at d i dag representerer /z/, som i /zɤ̄ː/ 'skitten, møkkete'.

Grammatikk

Vietnamesisk manglar både ordbøying og ordavleiing og er eit konsekvent isolerande språk. Til dømes er verbet ubøyeleg, og same form blir brukt der norsk skil mellom finitte og infinitte former. I setning 1 må verbet đọc setjast om med 'les' eller 'las', i setning 2 med infinitiv 'å lese':

  1. Tôi đọc sách. 'Eg (tôi) les/las (đọc) bøker (sách).'
  2. Tôi thích đọc sách. 'Eg (tôi) likar/likte (thích) å lese (đọc) bøker (sách).'

Grammatiske relasjonar blir uttrykte med ordstilling og grammatiske partiklar, og nye ord blir berre laga ved samansetning og reduplikasjon – eller ved lån frå andre språk.

Ordstilling

Vietnamesisk er eit SVO-språk – det vil seie at rekkjefølgja på setningsledda i ei setning er subjektverbalobjekt, som vist i denne setninga, der subjektet nhà máy này 'denne fabrikken' kjem føre verbalet sản xuất 'produserer', som er følgt av objektet ô tô 'bil(ar)':

  • Nhà máy này sản xuất ô tô.
  • 'Denne fabrikken produserer bilar.'

Eit indirekte objekt kjem føre eit direkte objekt, som i setninga nedanfor, der subjektet tôi 'eg' kjem føre verbalet tặng 'gje', som er følgt av det indirekte objektet bạn 'du' og det direkte objektet một quyển sách 'ei bok':

  • Tôi tặng bạn một quyển sách.
  • 'Eg gjev/gav deg ei bok.'

(Eigentleg tyder ordet bạn 'ven', og setninga kan òg setjast om med 'Eg gav venen (min) ei bok'.)

I ein nomenfrase står i dei fleste tilfelle hovudet (kjernen, overleddet) fyrst og er følgt av alle adledd (attributtar, underledd), som i dette eksempelet, som ord for ord tyder 'sykkel' (xe đạp) 'ny' (mới) 'til eg' (của tôi):

  • xe đạp mới của tôi
  • 'den nye sykkelen min'

Grammatiske partiklar

Ingen ord blir bøygde. Til dømes kan pronomenet i 1. person eintal, tôi, brukast som både subjekt ('eg') og objekt ('meg'). Her er eit eksempel med tôi som objekt:

  • Cô ấy thích tôi.
  • 'Ho (cô ấy) likar (thích) meg (tôi).'

Tôi kan òg brukast i ein eigedomskonstruksjon som denne, som ord for ord tyder 'hus ven eg':

  • nhà bạn tôi
  • 'huset til venen min'

Men i eigedomskonstruksjonar brukar ein ofte den grammatiske partikkelen của, som i dette uttrykket:

  • ngôi nhà mới của bạn tôi
  • 'det nye huset (ngôi nhà mới) til (của) venen (bạn) min (tôi)'

Eit vietnamesisk substantiv uttrykkjer ikkje skiljet mellom eintal og fleirtal, slik at til dømes sách kan setjast om til norsk med både 'bok' og 'bøker'. Men fleirtal kan uttrykkjast med partiklane các og những, slik at 'bøker' kan heite các sách eller những sách.

Orddanning

Nye ord kjem inn i vietnamesisk som samansetningar, reduplikasjonar og lån frå andre språk.

Samansetning:

Her er nokre eksempel på samansetningar:

  • nhà 'hus' + máy 'maskin' ⇨ nhà máy 'fabrikk' (bokstavleg "maskin-hus")
  • nhà 'hus' + thờ 'å tilbe' ⇨ nhà thờ 'kyrkje' (bokstavleg "tilbe-hus")

Reduplikasjon:

Adjektiv, som i vietnamesisk er ein type verb, kan redupliserast for å uttykkje tydinga «-aktig»:

  • vàng '(vere) gul' ⇨ vàng vàng '(vere) gulaktig'

Lånord:

Vietnam høyrer til sinosfæren, eit område der kinesisk språk spelar den same rolla som kjelde for lånord som gresk og latin spelar i den europeiske kulturkrinsen. Sinosfæren omfattar Vietnam, Kina, Korea og Japan. På vietnamesisk heiter han Hán tự Văn hoá Khuyên 'kulturkrinsen for kinesiske teikn', der alle orda er av kinesisk opphav – jamfør mandarin 漢字文化圈 Hànzì wénhuà quān. Vietnamesisk har lånt ord frå kinesisk heilt sidan andre hundreåret fvt. og fram til 1900-talet. Eit døme er ordet điện 'lyn', frå kinesisk 電 'lyn', uttalt diàn på mandarin. På moderne kinesisk har dette ordet også fått tydinga 'elektrisitet', ei tyding som òg er overteken i vietnamesisk. Både på kinesisk og vietnamesisk blir dette ordet nytta i ord for ulike moderne, tekniske innretningar:

  • 電話 'telefon', bokstavleg «elektrisk tale», mandarin diànhuà, vietnamesisk điện thoại.
  • 電影 'film', bokstavleg «elektrisk skygge», mandarin diànyǐng, vietnamsisk điện ảnh.
Då Vietnam var ein fransk koloni, lånte vietnamesisk ein del ord frå fransk, som desse:
  • buýt 'buss', frå fransk bus
  • cà phê 'kaffi', frå fransk café
  • ô tô 'bil', frå fransk auto

Sidan 1900-talet har det òg kome inn ein del engelske lånord, mellom anna desse:

  • xăng-uých 'sandwich', frå engelsk sandwich
  • ti vi 'tv, fjernsyn', frå engelsk TV
  • tắc-xi 'taxi, drosje', frå engelsk taxi

Fonologi

Stavingar og ord

Dei fleste orda i vietnamesisk har éi eller to stavingar, sjeldan tre eller fleire. Vietnamesisk rettskriving markerer likevel ikkje ordgrenser. Kvar staving er skriven for seg, som i tostavingsorda cà phê 'kaffi' (frå fransk café 'kaffi'), đu đủ 'papaya', ô tô 'bil' (frå fransk auto 'bil') og Na Uy 'Noreg', slik at rettskrivinga ikkje viser kva for stavingar som høyrer heime i same ordet.

Den vietnamesiske stavinga har tre obligatoriske komponentar:

I tillegg kan ei staving ha ein final konsonant. Den initiale konsonanten kan vere labialisert. Her er nokre eksempel på vietnamesiske stavingar:

  • /zɤ̄ː/ 'skitten, møkkete'
  • tôi /tōːj/ 'eg'
  • quốc /kʷǒːk/ 'nasjon'
  • nam /nɑ̄ːm/ 'sør'
  • mắt /mɑ̌t/ 'auge'

Tonem

Kvar staving har eit tonem, og Hanoi-dialekten har seks tonem i stavingar som endar på vokal, halvvokal eller nasal, men berre to tonem i stavingar som endar på ein ustemd plosiv. Det som skil tonema frå kvarandre, er ikkje berre tonegangen (variasjonar i grunnfrekvensen til stemmebanda), men også variasjon i korleis stemmebanda vibrerer, det vil seie normal vibrasjon i motsetnad til knirkestemme (som svarer til dansk stød). Her er dei seks tonema i stavinga /maː/ og dei to tonema i stavinga /maːt/:

skrift tyding fonemisk tonebeskriving
ma 'spøkjelse' māː midtre
'men' mâː fallande
'kinn' mǎː stigande
mả 'grav' màː låg
'kode' mǎ̰ː stigande med knirkestemme
mạ 'ris-frøplante' mà̰ː låg med knirkestemme
mát 'kjølig' mǎːt stigande
mạt 'lus' màːt låg

Tonema varierer ein del i uttale, etter kvar i ei ytring dei står, og kva tonem dei står etter og føre.

Vokalar

Vietnamesisk har eit stort system av vokalar, med ni lange monoftongar, fire korte monoftongar og tre diftongar, som vist i denne tabellen, der 1 = fremre urunda vokal, 2 = bakre urunda vokal og 3 = bakre runda vokal. Den vanlegaste ortografiske representasjonen for kvar vokal er teken med i parentes:

1 2 3 1 2 3 1 2 3
iː (i, y) ɯː (ư) uː (u) - - - iə (iê) ɯə (ươ) uə (uô)
eː (ê) ɤː (ơ) oː (ô) - ɤ (â) - - - -
ɛː (e) - ɔː (o) ɛ (a) - ɔ (o) - - -
- ɑː (a) - - ɑ (ă) - - - -

Dei korte vokalane, /ɤ ɛ ɔ ɑ/, finst berre i stavingar som endar på ein konsonant (plosiv, nasal, halvvokal). /ɛ/ og /ɔ/ er relativt sjeldne.

Konsonantar

Fremst i ei staving har Hanoi-dialekten 20 forskjellige konsonantar, om vi ser bort ifrå dei labialiserte – jamfør denne tabellen, der den ortografiske representasjonen er teken med i parentes, og der lydar som berre finst i moderne lånord (dei fleste frå fransk), ikkje er tekne med:

- labial alveolar postalveolar dorsal glottal
ustemt plosiv/affrikat t (t) tɕ (ch, tr) k (c, k) ʔ (–)
aspirert plosiv tʰ (th)
implosiv ɓ (b) ɗ (đ)
nasal m (m) n (n) ɲ (nh) ŋ (ng, ngh)
ustemt frikativ f (ph) s (s, x) x (kh) h (h)
stemt frikativ v (v) z (d, gi, r) ɣ (g, gh)
approksimant w (o) l (l)

Labialisering av konsonanten er markert med ein følgjande o eller u i ortografien, som i hoà /hʷɑ̂ː/ 'fred' og thuở /tʰʷɤ̀ː/ 'periode'. /kʷ/ blir skriven qu, som i quả /kʷɑ̀ː/ 'frukt'.

Sist i ei staving finst berre åtte konsonantar:

labial alveolar dorsal
p (p) t (t) k (c, ch)
m (m) n (n) ŋ (ng, nh)
w (u, o) j (i, y)

Dei dorsale finale konsonantane /k ŋ/ har fleire uttalevariantar (allofonar). Etter fremre vokal er dei palatale, [c ɲ], og blir skrivne ch nh, som i desse eksempla:

  • thích /tʰǐk/ [tʰǐc] 'å like'
  • binh /ɓīŋ/ [ɓīɲ] 'soldat'

Legg merke til at /ɛk/ [ɛc] blir skriven ach, som i sách /sɛ̌k/ 'bok' og at /ɛŋ/ [ɛɲ] blir skriven anh, som i cảnh /kɛ̀ŋ/ 'syn'. Etter runda vokal er dei labial-dorsale, med eit labialt lukke i tillegg til det dorsale:

  • học /hɔ̀ːk/ [hɔ̀ːk͡p] 'å studere'
  • ung /ʔūːŋ/ [ʔūːŋ͡m] 'roten'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg