Engelsk karikatur av tysk dans ved det engelske hoffet

Vals er ein musikkform og ein pardans i tredelt takt. Valsen har opphav i det tyske språkområdet seint på 1700-tallet. Dansen har stor internasjonal utbreiing og er ein sentral danseform både innan selskapsdans og folkedans. Wienervals og engelsk vals er standarddansar innan sportsdans.

Faktaboks

Etymologi
via fransk valse, frå tysk Walzer, av walzen ‘snu seg rundt’; jamfør valse

I skandinavisk tradisjon inngår vals i runddansslekta. Vals har også etablert seg i folkelege dansetradisjonar i fleire land utanfor Europa, mellom anna i Mexico, Peru, Venezuela og Argentina.

Fleire komponistar innan den klassiske musikken har komponert valser. Blant dei mest kjende er valsane skrivne av Johann Strauss den yngre, Frédéric Chopin, Johannes Brahms, Pjotr Tsjajkovskij og Antonio Lauro.

Historikk

Vals var i Tyskland opphavleg brukt som namn på ein ny danseteknikk for parvis snuing og kunne like gjerne dansast til todelt som til tredelt musikk. Paret held kvarandre i eit samdanstak og trør anten ein eller tre gonger på kvar takt. Dei brukar to taktar musikk på å snu ein heil gong rundt sin eigen akse (totaktssnuing). Ut over totaktssnuinga, kunne denne valsen ha ein del andre meir varierte og mindre viktige motiv.

At valsen i starten var namnet på teknikken og ikkje primært den tredelte taktarten førte med seg at valsen i todelt takt fekk tillegg i namnet, som Hopwalz, Hamburger Walz og skotsk vals. Det var først da polkaen kom på 1840-talet at bruken av ordet vals om totaktssnuing gjekk av bruk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg