Vårerteknapp

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Vårerteknapp, Lathyrus vernus, er ei flerårig urt i erteblomstfamilien. Ho er ei tidleg vårplante som veks i næringsrik lauvskog og granskog. Planta, som vert 20–40 centimeter høg, blømer med raudfiolette til blågrøne blomar i mai–juni. Vårerteknapp veks i store deler av landet, nord til Nordland.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Lathyrus vernus
Beskriven av
(L.) Bernh.
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Skildring

Vårerteknapp er ei opprett fleirårig urt som vert mellom 20–50 cm høg. Stengelen er kantete. Blada er likefinna med to til fire par breie, spisse småblad og manglar klengetråd i enden. Planta blømer med 3–10 blomar i ein klase. Desse er først raudfiolette og vert seinare blågrøne.

Blomane er pollinert av humler og karakteristiske for erteblomfamilien; dei er femtallege, tokjønna og einsymmetriske med samanvokste begerblad og frie kronblad. Kronblada har ulike storleikar, det øvste og største vert kalla fana, dei to midterste er vingene medan dei to nedste kronblada er vokst saman og vert kalla kjøl. I kjølen ligg 10 pollenberarar.

Vårerteknapp har eit fruktblad og frukta som vert danna ein belg med fleire frø.

Dyrking og bruk

Vårerteknapp vert dyrka som hageplante.

Utbreiing

Planta finnes naturleg i Europeiske og Sibirske skogar.

Veksestad

Vårerteknapp føretrekk sol til halvskugge i næringsrik, veldrenert jord. Planta er hardfør til H8.

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Art Vårerteknapp Lathyrus vernus
Slekt Erteknappslekta Lathyrus
Familie Erteblomstfamilien Fabaceae
Orden Erteblomstordenen Fabales
Klasse Tofrøblada planter Dicotyledoneae
Rekke Dekkfrøa planter Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

vårerteknapp
Lathyrus vernus
Tidlegare vitskapleg namn
Orobus vernus L.
Artsdatabanken-ID
101964
GBIF-ID
5356704

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg