DermNet New Zealand.
Lisens: CC BY NC ND 3.0
Urticaria
Urticaria
DermNet.
Lisens: CC BY NC ND 3.0

Elveblest er ein akutt reaksjon i huda og består av kløande hevelsar (vabler) med varierande grad av raudfarge. Utslettet kjem av at blodårene i lêrhuda utvidar seg og gir auka gjennombløding i huda. Utvidinga av blodårene fører også til at blodplasma siv ut i vevet. Dette gir hevelse i den øvre delen av huda, som kjem til syne på huda som vabler. Fordi histamin er involvert ved dei fleste former for elveblest, er antihistamin ofte nyttige som behandling.

Faktaboks

Etymologi

alveblest, ‘alvane har blåse på huda’

Også kjend som
urtikaria, nelleutslett, nestlefeber

Reaksjonen kjem fort, gjerne i løpet av nokre minutt, og forsvinn vanlegvis i løpet av nokre timar, utan å late etter seg forandringar på huda. Elveblest er veldig vanleg.

Symptom

Symptoma ved elveblest består av kløe og raude eller bleike vabler. Vablene kan vere små eller flyte saman til større, heva område. Eit karakteristisk trekk er at utslettet er flyktig, det vil seia at dei enkelte vablene kan oppstå i løpet av nokre minutt og forsvinn nesten alltid innan eit døgn. Overhuda er upåverka, difor er huda glatt, aldri flassande eller væskande, og ho blir heilt normal igjen så fort utslettet er borte. Kløen er ofte plagsam, men ikkje alltid.

Ved kronisk elveblest vil utslettet komme og gå, gjerne med ein viss døgnvariasjon.

Går reaksjonen djupare i huda, kan det oppstå større hevelsar (angioødem). Dette skjer hyppigast i ansiktet, spesielt på augelokk eller lepper. Allmenntilstanden er vanlegvis upåverka, men akutt elveblest kan vere knytt til leddsmerter og feber.

Utbreiing

Om lag éin av fem personar vil få elveblest i løpet av livet. For dei fleste dreier det seg om ein enkelt eller eit fåtal episodar. Somme får stadig tilbakevendande anfall, såkalla kronisk elveblest. Omlag éin prosent av befolkninga har til kvar tid symptom på kronisk elveblest.

Elveblest opptrer ofte samstundes med angioødem, det vil seia hevelse i underhuda i til dømes leppene eller augelokka. Cirka 50 prosent av pasientane har berre elveblest, 10 prosent har berre angioødem, og dei resterande 40 prosent har begge tilstandane.

Årsak

Det kan vere mange moglege årsaker til dette utslettet, men det er ofte ikkje mogleg å påvise den utløysande årsaka. Symptoma kjem vanlegvis av at stoffet histamin blir frigjort i huda.

Allergisk reaksjon

Histamin finst lagra i mastceller, ein celletype som ligg spreidd i lêrhuda og i slimhinnene.

Mastcellene speler ei sentral rolle i allergiske reaksjonar, spesielt såkalla «straksallergi» eller type I-allergi. Ved denne forma for allergi har personen produsert antistoff av ein spesiell type (IgE), til dømes mot protein i egg eller i kumjølk. Viss ein allergisk person får i seg stoff hen er allergisk mot (allergen), vil desse bli bundne til spesifikke antistoff som finst på overflata av mastcellene. Dette utløyser ein reaksjon i mastcellene, som resulterer i frislepp av histamin. Histamin bind seg til reseptorar på blodårene, som med det utvidar seg. Histamin kan også binde seg til nerveendar i huda og med det utløyse kløe.

Ikkje-allergisk elveblest

Histamin kan også frigjerast av andre årsaker enn allergi, til dømes inntak av jordbær og enkelte andre matvarer. Medikament kan også stimulere til histaminfrigjering.

Infeksjonar kan føre til elveblest ved at det blir danna antistoff som påverkar mastcellene og gjer dei ustabile.

Ulike typar

I hovudsak kan ein dele elveblest i to grupper etter årsak: allergisk og ikkje-allergisk elveblest. Ein skil også mellom akutt og kronisk elveblest.

Allergisk elveblest

Allergi kjem av at immunapparatet har danna antistoff mot det ein er allergisk for. Ved allergi mot til dømes egg finst det antistoff i huda og i blodet som passar spesifikt til protein i eggekviten. Desse antistoffa sit mellom anna på utsida av mastceller. Viss ein person som har eggallergi, et egg, vil molekyl frå eggekviten bindast til antistoffa som sit på mastcellene. Dette påverkar mastcellene slik at dei slepper ut histamin, og det oppstår elveblest.

Reaksjonen kjem raskt, oftast medan ein et egget, og seinast innan fire timar. Eit kjenneteikn ved allergisk elveblest er at reaksjonen er reproduserbar, altså at han kjem kvar gong vedkommande et egg. Dette gjer at det som regel er lett å finne fram til kva som har utløyst reaksjonen. Allergisk elveblest kan også forårsakast av direkte hudkontakt med det ein er allergisk mot, anten det gjeld matvarer, kjæledyr med pels eller lateks (naturgummi).

Ikkje-allergisk elveblest

Mastcellene i huda kan i nokre tilfelle sleppe ut histamin utan at det er forårsaka av ein allergisk reaksjon. Eit døme er barn som et mykje jordbær første gong i jordbærsesongen og deretter utviklar akutt elveblest. Mekanismen bak denne reaksjonen er ikkje klarlagd, men ein trur at jordbær inneheld stoff som påverkar mastcellene direkte og får dei til å sleppe ut histamin. Til forskjell frå ein ekte allergisk reaksjon skal det i desse tilfella mykje meir til før reaksjonen skjer. Det er typisk at barnet vanlegvis toler jordbær seinare.

Legemiddel som opioid og røntgenkontrastmiddel kan også framkalle reaksjonar av denne typen.

Elveblest som debuterer etter ein infeksjonssjukdom, høyrer også inn under denne gruppa. Ikkje-allergisk elveblest kan gå akutt eller kronisk.

Kronisk elveblest

Når kløe og utslett har vore til stades i meir enn seks veker, blir det kalla kronisk elveblest. Hos dei fleste som har kronisk elveblest, er det vanskeleg å sjå nokon klar samanheng mellom variasjonar i symptoma og kva dei et, gjer, eller andre ytre faktorar.

I meir enn 90 prosent av tilfella av kronisk elveblest er det ikkje mogleg å påvise noka sannsynleg årsak til utslettet. I mangel av påviseleg årsak kallar ein gjerne dette for kronisk idiopatisk urticaria (spontan urticaria) eller kronisk symptomatisk urticaria. Mange av desse tilfella kjem av at immunapparatet produserer antistoff som festar seg på mastcellene og gjer dei ustabile, slik at dei har tendens til å sleppe ut histamin. Bakgrunnen for dette kan vere ein infeksjonssjukdom. Denne hypotesen passar med at elveblest ofte kjem i etterkant av ein virusinfeksjon, til dømes forkjøling eller influensa, men dette har få behandlingsmessige konsekvensar.

Nokre pasientar med kronisk elveblest mistenkjer at utslettet kjem av kosten. «Risdiett» er ein metode som kan brukast til å avklare dette: Ein et berre ris og vatn i éi veke. Viss utsletta ikkje blir vesentleg betre i løpet av denne tida, er det lite sannsynleg at kosten har noko å seie for utslettet.

Fysikalsk elveblest

Påkjenningar som trykk, kulde, varme og sol, kan utløyse såkalla fysikalsk elveblest. Ein reknar dette som variantar av kronisk elveblest. Årsaka er ukjend.

Hos omkring 10 prosent av befolkninga blir det danna vabler viss ein rissar i huda. Dette fenomenet blir kalla dermografisme og blir ikkje rekna som elveblest viss ikkje det samstundes oppstår kløe.

Diagnose

Elveblest skil seg frå dei fleste andre hudsjukdommar ved kor flyktig utslettet er, og at det forsvinn utan å late etter seg forandringar på huda. Bortsett frå at tilstanden ikkje sjeldan oppstår etter ein infeksjonssjukdom (opptil 40 prosent ved akutt elveblest), er det svært sjeldan at det kan påvisast annan sjukdom som årsak til elveblest. Sjukehistoria kan gi mistanke om eventuelle allergiar, og dette kan stadfestast med prikktest eller blodprøver. Det er ikkje nødvendig å utføre allergitestar ved kronisk elveblest, sidan denne tilstanden ikkje kjem av allergi.

Behandling

Viss den utløysande årsaka til symptoma er kjende, er behandlinga å unngå det som forårsakar plagene. Sidan dette oftast ikkje er tilfellet, blir dei fleste tilfelle av både akutt og kronisk elveblest behandla med symptomdempande tiltak.

Antihistamin (allergimedisinar) har ofte god lindrande effekt, sjølv for tilfelle der årsaka ikkje er allergi. Dei har generelt betre effekt mot kløe enn mot utslett. Fortrinnsvis blir det brukt antihistamin som ikkje gir trøyttleik (desse er utan varseltrekant på pakninga). Medikamenta har best verknad i høgare dosar enn det som blir brukt for å behandle allergiske plager som høysnue. Effekten varer berre så lenge ein tek tablettane.

Ved akutt elveblest med mykje plager og manglande effekt av antihistamin kan det vere aktuelt å bruke kortisontablettar ein kort periode. Slike medikament er ikkje eigna ved kronisk elveblest på grunn av risiko for alvorlege biverknader.

Pasientar som har kronisk elveblest med vedvarande og store plager, kan behandlast effektivt med medikamentet omalizumab, som bind seg til antistoffet IgE og dermed verkar hemmande på enkelte allergiske reaksjonar og elveblest.

Prognose

Allergisk elveblest vil for ein del kunne minke med tida. Nokre næringsmiddelallergiar, som til dømes eggallergi og mjølkeallergi hos barn, går ofte over etter nokre få år. Andre allergiar kan halde seg gjennom heile livet.

Symptoma ved ikkje-allergisk elveblest går vanlegvis spontant tilbake i løpet av dagar eller veker. Kroniske former for elveblest kan halde fram frå få månader til mange år. Fysikalsk elveblest har ofte eit langvarig forløp.

Etymologi

I norsk folketru blei elveblest kalla alvgust, alvblåst eller trollblåst. Folk trudde at alvane bles sjukdommen på menneska. Utslettet blir også kalla neldefeber sidan det liknar utslett etter kontakt med brennesle (latinsk namn: Urtica dioica).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (3)

skreiv Iselin Skjørestad

Dersom urticaria skal diagnostiseres som kronisk, er det slik at selve eksemet/kløen må være tilstede i minst 6 uker? Eller kan man få en allergisk reaksjon mot f.eks. egg én gang men ikke ha tilstedeværelse av eksem/kløe over 6 uker, og likevel ha sykdommen kronisk?

svarte Brita Pukstad

Takk for kommentar, Iselin. Kronisk urticaria er jevnlig opptredende utslett enten daglig eller flere ganger i uken over 6 uker. Dersom det er en klar sammenheng mellom inntak av egg og opptreden av urticaria gis det anbefaling om å holde seg unna egg. Selv om man vet at man reagerer på egg betyr ikke dette at man har kronisk urticaria. Ofte finner man ikke årsaken til utbrudd ved kronisk urticaria, og tilstanden kalles da som nevnt over kronisk idiopatisk urticaria/spontan urticaria. Urticaria og eksem er to ulike hudtilstander. Urticaria er vabler som i løpet av timer flytter på seg uten å etterlate seg spor, mens eksem er skader i overhuden som viser seg som tørrhet/ rødhet/ flassing i huden, eventuelt med små vannholdige blemmer eller sårdannelse (https://sml.snl.no/eksem). Dette varer gjerne over flere dager på samme sted. Både urticaria og eksem gir kløe, men av ulik karakter. Håper dette var svar på det du lurte på. Beste hilsen fra Brita Pukstad

skreiv Martinus Løvik

Kjernen i svaret er at det er sjølve hudreaksjonen som må være langvarig eller med stadige nye utbrudd for at urticaria skal kallast kronisk, berre langvarig tilbøyelegheit eller disposisjon for å reagere på denne måten uten at det ligg føre hudreaksjon er ikkje kronisk urticaria. Og at urticaria og eksem er to ulike tilstandar, er eit anna viktig poeng i svaret.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg