Tresking av kveite
Korn blir hausta inn med skurdtreskjar, som skil korn eller frø frå strået.
Tresking av kveite
Av /NTB scanpix.
Tresking.
To menn treskjer med sliul på Hadeland Folkemuseum.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Tresking er det å skilja korn eller frø frå strået. Tresking omfattar i moderne landbruk også prosessane med å skjera av ståande, modent korn og reinse kornet ved hjelp av skurdtreskjar.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt ‘trampe på’

Historikk

Tradisjonelt vart det i Noreg brukt ein trereiskap i to delar som var bundne saman av vidje eller tau (sliul, sluggu), som vart slått mot aksa liggjande på låvegolvet til kornet losna. Gjennom fleire arbeidskrevjande prosessar vart så korna skilde frå agner og strå eller halm, og deretter reinsa.

Under det store hamskiftet i bondesamfunnet på 1800-talet vart heile denne langsame prosessen integrert og mekanisert med treskjeverket, drive av dampmaskin, oljemotor og seinare elektrisk motor.

I det gamle bondesamfunnet var treskjeverket eigd og drive av eit treskjelag. Treskjeverket vart flytta frå gard til gard, og medlemene i treskjelaget følgde med. Sjølve skjeringa og bindinga av kornet gjekk framleis føre seg manuelt, men etter kvart vart det på basis av slåmaskina utvikla sjølvbindarar som var mykje utbreidde før og like etter andre verdskrigen.

Sjølvbindaren, som ein kunne dra med anten hestar eller traktor, vart eit teknologisk mellomspel før den sjølvgåande, dieseldrivne skurdtreskjaren tok over. Her er alle prosessane – frå kornet blir skore av eit skjerebord med knivar, til halm og agner drysser ut og kornet blir samla i ein stor lagertank – mekaniserte og automatiserte under leiing av éin person.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg