tonkabønnekake
Kake med tonkabønner, karamell og eple.
tonkabønnekake
Av .
tonkabønner
Tonkabønner.
tonkabønner
Av .
tonkabønneis
Tonkabønnene kan brukast som erstatning for vanilje og er veleigna i is.
tonkabønneis
Av .

Tonkabønner er modne frø av tresorten Dipteryx odorata i erteblomfamilien. Tonkabønne-treet er eit av dei høgaste trea i verda og kan bli opptil 30 meter høgt. Frøa er svarte, opptil fem centimeter lange, avlange og noko flattrykte. Blada er blanke, lansettforma og cirka 10–12 centimeter lange. Blomane er kvite.

Treet høyrer heime i det nordaustlege Sør-Amerika. Bønnene blir brukte i dessertar og til parfymering av tobakk, og dessutan som sveittedrivande middel.

bruk

Bruken av tonkabønne som krydder er ubetydeleg, mykje på grunn av av det høge innhaldet av kumarin, som er skadeleg i store dosar. Men bønna kan brukast som erstatning for vanilje. Ho vil gi ein noko annleis smak, men er likevel veleigna i kaker, kjeks, is, søte sausar og puddingar, og passar godt saman med kokos, mandlar og nøtter. Krydderet blir sjeldan brukt i middagsrettar, men kan tilsetjast i til dømes tomatsaus.

Bønnene blir også brukte til å setje smak på brennevin og i kosmetikk- og tobakksindustrien.

På grunn av det høge kumarininnhaldet er tonkabønnene forbodne i fleire land. Moderat bruk medfører likevel ingen fare.

Historie

Det gamle latinske namnet på planten, Coumarouna, kjem frå det lokale namnet i Guyana, kumarú. Dette namnet er igjen opphavet til nemninga kumarin, som er eit viktig smaksstoff i mange krydder.

Dei innfødde i Sør-Amerika har tradisjonelt blanda tonkabønner med mjølk til ein tjuktflytande leskedrikk. Bønnene vart også nytta medisinsk mot mellom anna krampar, kvalme og som sveittedrivande middel og afrodisiakum.

Tonkabønna kjem opphavleg frå Sør-Amerika, men Nigeria er i dag ein av dei største produsentane i verda. Treet blir også brukt i møbelindustrien.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg