Bokstaven theta i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Bokstaven theta i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Theta er den 8. bokstaven (Θ, ϑ – θ i moderne tekstar) i det greske alfabetet. I ord av gresk opphav vert theta ofte transkribert på norsk med t, på engelsk og andre språk ofte med th.

Faktaboks

Uttale
thˈeta

Theta vart i gamalgresk uttala (postaspirert ustemd dental plosiv) men har i moderne gresk (nygresk) endra seg til ein ustemd dental (eigentleg interdental) frikativ (IPA-lydskrift θ). Lydskriftsymbolet er identisk med den greske bokstaven minuskel theta, som er opphavet til symbolet.

Theta har verdien 9 i det greske talsystemet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg