tamarind

tamarindtre

tamarind
Av /shutterstock.
tamarind

tamarindtre

tamarind
Av /shutterstock.

Tamarind

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Tamarind er eit eviggrønt, tropisk tre som blir opptil 20 meter høgt. Det tilhøyrer erteblomfamilien, med Caesalpinioideae som underfamilie.

Faktaboks

Uttale
tamarˈind
Etymologi
av arabisk tamarhindi, ‘indisk daddel’
Vitskapeleg namn
Tamarindus indica
Beskriven av
Carl von Linné
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Blada er finnete og har opptil 40 småblad. Blomane er gule og veks i små klasar. Belgfruktene er brune, opptil 10 centimeter lange, og inneheld mange frø og ein syrleg, klissete fruktmasse. Det stammar frå tropisk Afrika, men blir dyrka og finst forvilla overalt i tropane.

Bruk

Frukta blir brukt i matlaging, frøa er etande, og skolma kan mosast og er særleg brukt i saus (mellom anna worcestersaus inneheld tamarindmasse). Blokker av tørka tamarindpasta blir mykje brukt i asiatisk mat. Treet har sterk og hard ved med mørk kjerneved som gir verdifullt tømmer.

Tamarind blir først og fremst nytta i India og Søraust-Asia. Krydderet blir brukt i marinadar, chutneyar, curryrettar, supper, sausar, til kjøt, kylling, ris- og grønsaksretter, og til belgfrukter som linser, erter og bønner, men også i søtsaker og drikker. Tamarind gir både smak og farge til maten. Dei tørka fruktene blir mykje brukte i sørindisk matlaging, medan dei i Indonesia og Vietnam også bruker frisk, umoden tamarind. Desse har ein meir syrleg og mindre fruktig smak. Tørka tamarind må leggjast i bløyt før bruk.

Tamarind er hovudsmakstilsetninga i worcestersaus.

Historie

Opphavleg kjem tamarindtreet frå det austlege Afrika, og framleis veks det somme stader naturleg i Sudan. Men treet vart innført til India for så lenge sidan at det ofte blir omtalt som heimehøyrande der, noko namnet også speglar: Både Indian date og tamarind, som kjem frå arabisk «tamar hindi», betyr ‘indisk daddel’.

Frukta var velkjend hos dei gamle grekarane lenge før vår tidsrekning, og på 1600-talet tok spanske og portugisiske kolonistar treet med seg til Sør- og Mellom-Amerika, der bruken av frukta etter kvart har vorte teken opp i lokale mattradisjonar.

Innan folkemedisinen har tamarind vorte brukt til mellom anna sårheiling og som avføringsmiddel.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

tamarind
Tamarindus indica
GBIF-ID
2975768

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg