Faktaboks

syrisk

klassisk syrisk

Engelsk namn
syriac
Språkkodar
syc (SYC)
ISO-639:3
syc
Ei side frå Peshitta. Manuskript frå 800-talet.
Av .
Lisens: CC BY-SA 4.0

Syrisk er ein austarameisk dialekt som var skriftspråk — kjent som klassisk syrisk — i det kristne Syria og Nord-Mesopotamia frå 200-talet, med sentrum i oldtidsbyen Edessa (no Şanlıurfa i det søraustlege Tyrkia).

Syrisk høyrer til dei semittiske språka. I lag med kanaaneisk og ugarittisk utgjer det den nordvestsemittiske greina av sentralsemittisk.

Byen Edessa (av gresk Édessa Ἔδεσσα) hadde det arameiske namnet 'Ūrhāj [ʔuːrhaːj] ܐܘܪܗܝ, og seinare det tyrkiske namnet Urfa, sidan 1984 Şanlıurfa i Tyrkia). Frå 137 fvt. til 216 evt. var Edessa hovudstad i kongeriket Osroene (gresk Osroēnḗ Ὀσροηνή).

Kring 90 prosent av all kjend arameisk litteratur er skriven på klassisk syrisk, og det meste i perioden frå 100-talet til 1300-talet evt.

Syrisk er først kjent i førkristne innskrifter på mosaikkar og gravsteinar i Edessa frå dei tre første hundreåra evt., i ei språkform som ligg mellom mellomarameisk (200 fvt.–250 evt.) og det seinarameiske klassisk syrisk. Syrisk blei også brukt som administrasjonsspråk i staten Osroene.

På 100-talet blei Det nye testamentet sett om til klassisk syrisk, og på 400-talet følgde Det gamle testamentet. Klassisk syrisk er framleis det liturgiske språket i fleire austlege kyrkjer:

  • Den syrisk-ortodokse kyrkja, ܥܕܬܐ ܣܘܪܝܝܬܐ ܬܪܝܨܬ ܫܘܒܚܐ ʕedto surjajto trišat šubħo
  • Den assyriske kyrkja i aust, ܥܕܬܐ ܕܡܕܢܚܐ ܕܐܬܘܪ̈ܝܐ ʕedto dmadnħa dʔoturoje
  • Den kaldeisk-katolske kyrkja, ܥܕܬܐ ܟܠܕܝܬܐ ܩܬܘܠܝܩܝܬܐ ʕedto kaldeto qatoliqajto
  • Den syrisk-katolske kyrkja, ܥܕܬܐ ܣܘܪܝܝܬܐ ܩܬܘܠܝܺܩܝܬܐ ʕedto surjajto qatoliqajto
  • Den syrisk-maronittiske kyrkja i Antiokia, ܥܕܬܐ ܣܘܪܝܝܬܐ ܡܪܘܢܝܬܐ ܕܐܢܛܝܘܟܝܐ ʕedto surjajto moronajto dʔanṭiokia
  • Tomaskristne i Kerala i Sør-India

Språknamnet

Språknamnet syrisk har ingenting direkte med den moderne staten Syria å gjere, sjølv om syrisk (jamfør engelsk Syriac, det austarameiske språket) og syrisk (jamfør engelsk Syrian, frå staten Syria) begge etymologisk kjem via gresk suriakós (συριακός) og Suría (Συρία) av Aššur, oldtidsriket Assyria i det nordlege Mesopotamia.

Den klassiske syriske forma av språknamnet er ܠܫܢܐ ܣܘܪܝܝܐ leššānā sūryāyā [leʃʃaːnaː suːrjaːjaː]. Assyrisk er opphavleg namnet på ein av dei to hovuddialektane – attåt babylonsk – av det austsemittiske språket akkadisk. At Edessa-dialekten av arameisk fekk dette namnet, «viser kompleksiteten ved identiten og sjølvdefinisjonen innanfor denne kulturen», som Chatonnet og Debié fortel i boka The Syriac World. In search of a forgotten Christianity (2023). Den kristne assyriske folkegruppa oppfattar seg som dei rette etterkomarane av innbyggjarane i oldtidas Assyria.

Vestsyrisk og austsyrisk

Kyrkjelege motsetnader førte på 400-talet til eit dialektskilje mellom vestsyrisk med sentrum i Edessa og austsyrisk med sentrum i Nisibis.

Frå 600-talet blei syrisk gradvis fortrengt av arabisk som folkespråk. På 700-talet og 800-talet blei det difor gjort eit omfattande filologisk arbeid med å standardisere både vestsyrisk og austsyrisk uttale og ortografi for å konsolidere og ta vare på det klassiske syriske språket for ettertida. På denne tida blei det også utvikla notasjonar for å skrive vokalane, som ein elles ikkje gjorde. I vestsyrisk blei små greske vokalar skrivne over og under konsonantane; i austsyrisk tok dei i bruk eit system med prikkar.

Som litteraturspråk heldt det seg enno i meir enn 400 år, og det er enno kyrkjespråk hos dei syriske kristne. Nysyriske dialektar finst framleis i små område i Syria og Irak.

Syrisk litteratur

Syrisk litteratur omfattar ei bibelutgåve — ܦܫܺܝܛܬܳܐ Pšīṭta eller Peshitta 'Den enkle' — som er standardbibelen mellom syriske kristne. Det gamle testamentet blei omsett frå hebraisk på 100-talet, og Det nye testamentet blei omsett frå gresk, sannsynlegvis tidleg på 400-talet.

Den eldste syriske utgåva av Det nye testamentet var verket Diatessaron (av gresk dià tessárōn διὰ τεσσάρων 'ut av fire', syrisk Ewangelijōn Damhalltē ܐܘܢܓܠܝܘܢ ܕܡܚܠܛܐ), skrive kring 170 evt. av Tatian frå Adiabene. Det var eitt evangelium konstruert på grunnlag av dei fire etter Matteus, Markus, Lukas og Johannes. Verket har gått tapt, og er berre kjent frå kommentarar.

Dei kristne syrarane produserte også ein rik originallitteratur, med både religiøst og profant innhald, som dikta til Afrem Syrus (300-talet) og profanhistoria av Barhebræus (1200-talet).

Av særleg tyding blei omfattende omsetjingar til syrisk av greske filosofar som Platon, Aristoteles og Plotin, som blei hovudkjelder for arabiske omsetjingar av og kjennskap til gresk tenking, og kommentarane og den vidare formidlinga deira av gresk og orientalsk filosofi til Italia og Spania.

Moderne syrisk

Mellom dei syrisk kristne er assyrisk nyarameisk eit levande språk, med 617 000 førstespråkstalarar — 179 000 i Irak, 226 000 i Syria, 27 600 i Tyrkia og store grupper i fleire land over heile verda.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Chatonnet, Françoise Briquel and Muriel Debié 2023. The Syriac World. In search of a forgotten Christianity. New Haven / London: Yale University Press.
  • Drijvers, H. J. W. 1972. Old-Syriac (Edessean) inscriptions. Leiden: E. J. Brill.
  • Muraoka, Takamitsu 2005. Classical Syriac. A basic grammar with a chrstomathy. Second, revised edition. Wiesbaden: Harrassowitz Verlag.
  • Nöldeke, Theodor 1904. Compendious Syriac grammar. London: Williams & Norgate.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg