Surprim er sur myse, som etter koking av gamalost eller pultost blir kokt vidare til ein tjukk graut. Denne grauten blei ofte brukt i forholdsvis flytande form, såkalla halvkokt, men kunne også kokast vidare og pressast i treformer til han stivna og blei hard – ein sur brunost, også kjent som surost. Ein variasjon av namnet er surbrim.

Surprim kan halde seg i årevis. Det blir brukt til myssmørvelling, myssmørduppe og myssmørdrikke.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg