Strykekvartett
Strykekvartett er en viktig form i kammermusikk i dag. Bildet viser den belgiske strykekvartetten Quatuor Danel under en framføring av Paul Hindemiths Minimax.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Ein strykekvartett er eit kammermusikkensemble med to fiolinar, ein bratsj og ein cello, og musikk som er skrive for dette ensemble. Sidan slutten av 1700-talet har genren vore sett på som særleg prestisjetung, og mange av dei største verka i musikkhistoria er skive for dette ensemblet.

Form

Strykekvartettar er gjerne skrivne i fire satsar, lik ein symfoni:

  1. relativt hurtig, omfangsrik og intellektuelt utfordrande sats i sonatesatsform
  2. langsam sats
  3. lettare sats i tre-takt (På 1700-talet hadde desse gjerne opphav i aristokratisk dansemusikk og var kalla menuett og trio, medan ein på 1800-talet gjerne skreiv satsar kalla scherzo, som kunne gå langt bort frå dette)
  4. hurtig, lettbeint sluttsats, eller større, oppsummerande sats

Det er større variasjon i utforminga av strykekvartettar enn i symfoniar. Dei to indre satsane byttar stundom plass, tema- og variasjonssats er langt vanlegare, og allereie hjå Ludwig van Beethoven (1770–1827) finn ein djuptgåande endringar i satsskjemaet. Sjølv om òg strykekvartettane nyttar seg av klassiske formskjema som sonatesatsform, er utforminga av desse ofte meir kompleks og uoversiktleg enn i symfonien.

Særtrekk

Den uniforme klangen mellom strykeinstrumenta har gjeve strykekvartetten spesiell prestisje, då ein har meint at dette gjorde at komponisten måtte nytte harmonikk og tekstur enno meir effektivt enn i andre genrar, der ein kunne hjelpe seg med variasjonar i klangfarge, for å skriva eit godt verk. Ein har òg observert at dei fire instrumenta langt på veg samsvarar med dei fire vanlege stemmetypane, og det var difor uunngåeleg at det skulle oppstå metaforar til song og språk. Johann Wolfgang von Goethe (1749–1832) omtala strykekvartetten som «ei samtale mellom fire intelligente individ». Dette fangar eit historisk krav for strykekvartettar: Alle stemmene må ha ei individuell utforming og delta i ein musikalsk diskurs; det held ikkje å skriva ei melodistemme med akkompagnement. Ein skal ikkje tolka utsegna for langt i retning av bortfall av hierarki, men det set som eit minstemål for ein god strykekvartett at alle stemmene skal ha individuelt og musikalsk meiningsfullt materiale; dette har òg kjenneteikna dei fleste seinare kvartettar.

Fram til godt ut på 1800-talet var strykekvartettar gjerne skrivne for husbruk, der utøvarane òg var dei viktigaste tilhøyrarane. Av denne grunnen utvikla strykekvartetten ein tradisjon for særleg komplekse satsar, då musikarane ville ha høve til å spela desse fleire gonger og diskutera innhaldet på ein annan måte enn i offentlege genrar som symfonien.

Historie: Det fyrste hundreåret

Opphav og klassisisme

Portrettmaleri av Joseph Hayden 1791
Joseph Haydn er gjerne omtala som far til strykekvartetten (måleri av Thomas Hardy frå 1791)

Det er ikkje råd å seia nett kva tid den fyrste strykekvartetten var skriven. Former som var aktuelle på fyrste halvdelen av 1700-talet, som triosonaten, orkesterkonserten og jamvel tidlege symfoniar, kunne vere framført med fire strykeinstrument, utan at ein vil rekne verka som strykekvartettar. Fram til slutten av 1700-talet var mange verk vi kallar strykekvartettar gjeve ut under namn som divertimento, cassatio og notturno, som var generiske namn brukt om lettare selskapsmusikk av ulik art.

Joseph Haydn (1733–1809) har ofte vore kalla far til strykekvartetten. I seinare år hevda han å ha skrive den fyrste strykekvartetten. Ein bør for ordens skuld nemne at Luigi Boccherini (1743–1805) ser ut til å ha byrja å skrive strykekvartettar om lag samstundes i Italia, utan at han var kjend med dei tidlege verka til Haydn. Korleis dette no var, er Haydns opus 33 gjerne rekna som dei fyrste verka som er skrivne i rein kvartettstil, der alle stemmene deltek aktivt i utforminga av musikken. Han er difor gjerne rekna som far til strykekvartetten.

Frå og med strykekvartettane opus 59 utvida Beethoven rammane for storleik og emosjonelt spenn i strykekvartetten, og la grunnlaget for den romantiske strykekvartetten. Dei seinare kvartettane hans er alle unikum som i ulike retningar går langt ut over samtidas musikalske normer – så langt at dei fyrst verkeleg blei akseptert på 1900-talet, og difor fekk mindre å seia for utviklinga av formatet.

Den romantiske strykekvartetten i Tyskland

I generasjonen etter Beethoven var strykekvartetten ei attraktiv form for unge komponistar. Franz Schubert (1789–1828) skreiv 15 strykekvartettar og fleire mindre verk for ensemblet, Felix Mendelssohn-Bartholdy (1809–1847) sju og Robert Schumann (1810–1856) tre. Seinare i hundreåret fekk genren mindre merksemd, då han var lite akta av Den ny-tyske skulen og tilhengjarane av programmusikk. Genren fekk ny relevans gjennom dei tre strykekvartettane til Johannes Brahms (1833–1897), og sidan dei seine strykekvartettane til Antonín Dvořák (1841–1904).

Historie: frå hundreårsskiftet til etterkrigstida

Den internasjonale kvartetten

Med Haydn og Beethoven blei strykekvartetten gjerne forstått som ein tysk genre. Kring slutten av hundreåret vaks derimot nye sjølvstendige tradisjonar fram i Italia, Tsjekkia, Ungarn, England og Russland. Den tidlegaste og kanskje viktigaste parallelltradisjonen finn ein i Frankrike, der kvartettane til César Franck (1822–1890) og Vincent d’Indy (1851–1931) frå 1890, og sidan dei impresjonistiske kvartettane til Claude Debussy (1862–1918) og Maurice Ravel (1875–1937), etablerte genren på andre premissar enn den tradisjonelle strykekvartetten la til grunn.

Modernistiske straumar

Strykekvartetten fekk ein interessant dobbelidentitet på 1900-talet: Forma var kopla til kjernen av det klassiske repertoaret, men ho var òg eit format som var attraktivt for utviklinga av modernistiske stilar. Slik var forma veleigna til å kopla kompositoriske nyvinningar til den klassiske tradisjonen. Medan Arnold Schönberg (1874–1951) brukte genren til å presentera seg sjølv som arvtakaren til Brahms, utforska Anton Webern (1883–1945) klangmoglegheitene til strykekvartettensemblet, heilt uavhengig av historia til genren. Ein kan sjå på den nyklassiske kvartettane til Paul Hindemith (1895–1963), som var skrivne med tradisjonelle stiltrekk som blei tolka på nye vis, som ein motpol til den atonale modernismen.

Strykekvartetten ber fram til i dag dobbeltradisjonen med ein tradisjonell historisk prestisje, som blir vege mot det abstrakte klangpotensialet og den relative tilgjenga av utøvarar. På dette viset kan så ulike komponistar som Ruth Crawford Seeger (1901–1953), Milton Babbitt (1916–2011), Darius Milhaud (1892–1974) og Benjamin Britten (1913–1976) alle med lik rett krevja genren som deira eigen.

Strykekvartetten i Noreg

Edvard Grieg (1843–1907) skreiv den einaste strykekvartetten sin i 1878. Verket blei ein suksess med publikum, men Grieg sjølv var aldri særleg nøgd med det. Historisk kan ein sjå det som eit tidleg døme på ein attenhundretalskvartett i ein internasjonal stil, og verket er òg viktig gjennom å ha vore ei inspirasjonskjelde for strykekvartetten til Debussy. Johan Svendsen (1840–1911) og Christian Sinding (1856–1941) bidrog òg til at strykekvartetten blei etablert som genre for norske komponistar.

Genren var kanskje noko mindre viktig for dei musikalske etterkomarane deira, men han var di viktigare for modernistiske komponistar. Strykekvartettane til Fartein Valen (1887–1952) eksperimenterer med ein stil der dissonansar er brukt fritt, og Arne Nordheim (1931–2010) blei fyrst lagt merke til som komponist av strykekvartettar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Griffiths, Paul: The String Quartet – A History, 1985
  • Stowell, Robert (red.): The Cambridge Companion to the String Quartet, 2003

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg