Stenografi (skriftdøme)

Skriftdøme på stenografi. Systemet er ein avleggjar av Gabelsbergers system.

Av /Store norske leksikon ※.
Franz Xaver Gabelsberger

Franz Xaver Gabelsberger var ein tysk stenograf.

Stenografi er skrift som ved hjelp av spesielle teikn og forkortingar gjer det mogleg å skrive svært raskt.

Faktaboks

Uttale
stenografˈi
Etymologi
av gresk στενός (stenós) ‘smal’ og γραφία (grafía) ‘skrift’

Historikk

Det eldste kjende stenografisystemet brukt i praksis vart utarbeidt av Ciceros frigjevne slave og sekretær Marcus Tullius Tiro i det 1. hundreåret fvt., men ein har funne spor etter stenografi so langt attende som frå 300-talet fvt. Dei «tironske notane» fekk ei levetid på meir enn tusen år, og gjennom dette systemet er store verdiar tekne vare på for ettertida.

Moderne stenografi knyter seg til det parlamentariske livet. I England fann Timothy Bright opp eit system i 1588, men John Willis vert rekna som skaparen av den moderne stenografien (1602). Willis baserte systemet sitt på det vanlege alfabetet og fylgde vanleg rettskriving.

I 1630 gav Thomas Shelton ut eit anna system, som har vorte særleg kjent fordi Samuel Pepys brukte det i den berømte dagboka si.

I 1786 kom ut Samuel Taylors system. Tilpassa versjonar av dette systemet fekk utbreiing over store delar av Europa og hadde ein viss innverknad på utviklinga av stenografien i Sverige og Noreg.

I 1834 kom Franz Xaver Gabelsbergers system i Tyskland, og i 1837 kom Isaac Pitmans system i Storbritannia.

Av stenografisystema har systema til Pitman, John Robert Gregg (USA, 1888) og avleggjarar av Gabelsbergers system vore dei mest utbreidde. Desse systema er fonetiske.

Inndeling

Ein deler gjerne systema inn i geometriske, halvkursive og kursive system. I dei geometriske systema vert dei stenografiske teikna bygde opp av delar av sirkelen, den rette linja og punktet. Skrifta vert svært kort og lettlesen. Pitmans system er det mest kjende geometriske systemet

I dei kursive systema byggjer ein dei stenografiske teikna på delar av bokstavane i den vanlege skrifta, og stenografien får i det store og heile den same hellinga som den. Systemet til Gabelsberger vert til vanleg rekna som eit kursivt system, sjølv om Gabelsberger ikkje greidde å gjennomføre prinsippet heilt ut, medan Greggs system står i ei mellomstilling mellom geometrisk og kursivt.

Noreg

Utviklinga av stenografi i Noreg er nær knytt til referattenesta på Stortinget. I 1852 gav Hans Paludan ut Norsk hurtigskrift eller stenografi. Systemet var ei tilpassing av systemet til Samuel Taylor. Paludan tenestegjorde med elevane sine både på Stortinget og i det danske Folketinget. I slutten av 1860-åra vart Paludans system avløyst av Gabelsbergers system.

I dag har stenografi so å seie gått av bruk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg