Eit utval spagettirettar
Spagetti er ein type pasta som er forma som lange, tynne strimlar.

Spagetti er ein italiensk pastatype som er laga på durumkveite. Pastaen er 25–30 centimeter lang, cirka 1 millimeter tjukk, og skal kokast i lettsalta vatn i 8–9 minutt til han er al dente. Tradisjonelt blir spagetti servert som primi piatti (første hovudrett) under eit måltid.

Faktaboks

Uttale
spagˈetti
Etymologi
italiensk ‘strenger’
Også kjend som

italiensk spaghetti

Spagetti er verdas mest utbreidde pastatype. Han er svært anvendeleg og kan serverast med saus, grønsaker, kjøt eller skaldyr, eller i si enklaste form med litt olivenolje og riven parmesan. Det er ein særleg populær middagsrett blant barn, då gjerne med ketchup eller ein mild tomatsaus. Klassiske, italienske retter er spaghetti alla carbonara, spaghetti alla vongole, cacio e pepe og spaghetti alla bolognese.

Ordet spagetti kjem av italienske spago, som betyr streng. Ein reknar dette som ein av dei eldste pastatypane, den arabiske geografen al-Idrisi beskreiv «strengeforma pasta» på Sicilia i 1154. Spagetti blei svært populært i Italia på 1800-talet, då nye maskiner gjorde det mogleg med masseproduksjon. Tjukna på spagetti kan variere; spaghettini er litt tynnare, medan spaghettoni er litt tjukkare.

I populærkulturen blei spagetti udødeleggjord i Walt Disneys animasjonsfilm Lady og Landstrykeren (1955). Spagetti var også temaet for ein legendarisk aprilspøk frå britiske BBC i 1957, der ein TV-reportasje viste innhaustinga av fersk spagetti frå blømande frukttre.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg