Sosial kompetanse er ferdigheiter, haldningar og motiv og evner ein treng for å mestre ein gitt sosial situasjon. Omgrepet sosial kompetanse er ikkje einsarta og korleis ein ser på fenomenet er avhengig av teoretisk forståing. Det er særleg to noko ulike faglege perspektiv som er rådande i forsking og praksis.

Ulike faglege perspektiv

Eit sosialkognitivt perspektiv knyt sosial kompetanse nært til sosiale ferdigheiter. Dei to omgrepa er ikkje identisk, men er nært knytt saman. Sosial kompetanse er her knytt til ei evaluering av om ein person har nytta tenlege sosiale ferdigheiter i ein gitt situasjon.

Innan dette perspektivet vektlegg ein tre komponentar innan sosial kompetanse:

  • tilpassa åtferd
  • aksept frå jamaldringar
  • sosiale ferdigheiter

Interessant er at ein ser jamaldringsaksept både som ein del av sosial kompetanse, men også som eit resultat av å vise sosialt kompetent åtferd. Trening av sosiale ferdigheiter er sterkt vektlagt for å auke sosial kompetanse hos ein person. Særleg interessant innan dette perspektivet er vekta ein legg på sosiale ferdigheiter eller på manglar på slike. Ein legg her stor vekt på barn og unge med vanskar i sosiale dugleikar, og vektlegg i liten grad, om noko, førebygging.

I eit kontekstuelt forankra perspektiv på sosial kompetanse er evna ein har til å tilpasse seg krav og forventingar i ulike situasjonar sentralt. I dette perspektivet ser ein sosial kompetanse som eit sett av ferdigheiter, haldningar, motiv og evner som er nødvendig for å mestre dei situasjonane som ein person kan vente å møte i det sosiale miljøet dei er del av, samstundes som eigen trivsel, mestring og framtidig utvikling er i vare tatt. Sentralt for god sosial kompetanse er evna til å endre åtferd ettersom ulike situasjonar krev det.

Sosial kompetanse vert slik kontekstavhengig og kulturavhengig. God sosial kompetanse i ein situasjon treng ikkje vere det i ein annan. Omgrepet omfattar meir enn sosiale dugleikar og er langt vidare og meir omfattande enn slik ein forstår det i eit sosialkognitivt perspektiv.

Konsekvensar av ulike perspektiv for praksis

Motsetnadane mellom dei to rådande perspektiva kan synast større enn dei er. Begge perspektiva har ein sentral plass i barnehage og skule. Fleire av aspekta ved sosiale ferdigheiter er til dømes vektlagt i barnehagen sitt arbeid for å sikre barna si utvikling. Likeins kan trening av sosiale ferdigheiter vere ein sentralt element i tiltak for elevar som av ulike grunnar har opplevd ei skeivutvikling.

Trening i å nytte åtferd som er vurdert som tenleg i gitte sosiale situasjonar kan vere eit tiltak som konkrete illustrasjonar av åtferd elevar kan nytte. Sosial ferdigheitstrening bør då inngå som del av ein større tiltakspakke. Tiltak retta mot klassa/gruppa barnet eller ungdomen er del av er mellom anna sentralt for å lykkast.

Eit kontekstuelt perspektiv på sosial kompetanse kan vere særleg eigna i førebyggande arbeid som omfattar alle elevane. At ein her vektlegg å utvikle sosialkompetanse som kan tilpassast ulike situasjonar ein møter er særleg viktig her. Å utvikle kompetanse i å lese situasjonar og handle tenleg, for seg sjølv og andre, i situasjonen er eit sentralt element. I eit førebyggande perspektiv vil utvikling av sosial kompetanse omfatte tiltak både i forhold til enkeltelevar, til klasser/grupper og heile barnehagar/skular.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ertesvåg, S.K. (2003) Trening av sosial kompetanse hjå skuleelevar: Tiltak for alle elevar eller elevar med mangel på slik kompetanse? Norsk pedagogisk tidsskrift, 5-6, 282-293.
  • Gresham, F.N., Elliott, S.N. & Kettler, R.J. (2010) Base Rates of Social Skills Acquisition/Performance Deficits, Strengths, and Problem Behaviors: An Analysis of the Social Skills Improvement System—Rating Scales. Psychological Assessment.22,4, 809-815
  • Ogden, T. (2009) Sosial kompetanse og problematferd i skolen. 2.utg. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg