Bekkeblom
.
Lisens: CC BY SA 3.0
Bekkeblom
Bekkeblom
Lisens: CC BY SA 3.0
Servise
Kitty Kiellands dekor Bækkeblom ble tegnet for Egersunds Fayancefabrik omkring 1900.
utbredelse av bekkeblom

Naturleg utbreiing av bekkeblom (Caltha palustris). Basert på data frå Den internasjonale naturvernunionen (IUCN Red List, versjon 3, 2017).

utbredelse av bekkeblom

Bekkeblom (Caltha palustris) er ei fleirårig urt i soleiefamilien. Ho blømer med gule blomar mellom april og juni. Planta er vanleg ved bekker og grøfter og i fuktige enger opp til 1200 meter over havet i Noreg. Bekkeblom vert dyrka som prydplante. Heile planta er giftig.

Faktaboks

Også kjend som
soleihov
Vitskapeleg namn
Caltha palustris
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Skildring

Bekkeblom er ei fleirårig urt i bekkeblomslekta i soleiefamilien som vanlegvis vert mellom 15 og 30 cm høg. Ho har mørkegrøne, glinsande, nyreforma blad og ein saftfull, glatt stengel. Blomane er radiærsymmetriske med fem gule blomedekkblad, mange pollenberarar og mange frie fruktblad. Fruktene som vert danna er belgkapslar som inneheld mange frø som kan flyte. Desse er tilpassa spreiing ved hjelp av bekkar og elvar.

Bekkeblom kan forvekslast med vårkål, men vårkål har mellom 7 og 12 blomedekkblad.

Dyrking og bruk

Fleire former av bekkeblom vert dyrka som staudar i hagar. Mellom anna finnes planta i former med fylte blomar.

Planta har vore nytta i folkemedisin, mellom anna mot anfall, mot hoste, eksem, forkjøling, sår, vorter og mot hjarteplager.

Utbreiing

Planta finnes over store delar av den nordlege halvkule. I Noreg er bekkeblom ein livskraftig art, og er vanleg ved bekker, i grøfter og i fuktige enger opp til rundt 1200 meter over havet. Det finnes to underartar av bekkeblom i Noreg; stor soleihov (ssp. palustris) som veks i låglandet og i sør, og fjellsoleihov (ssp. radicans) som veks i fjellet og nord i landet.

Veksestad

Bekkeblom trivest best i næringsrik og fuktig, sur til nøytral jord.

Dyrka former av bekkeblom har ulik evne til å overleve ved låge temperaturar, men det finnes former som er hardføre til H8. Bekkeblom føretrekk sol til lett skugge.

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Art Bekkeblom Caltha palustris
Slekt Bekkeblomslekta Caltha
Familie Soleiefamilien Ranunculaceae
Orden Ranunculales
Klasse Tofrøblada planter Dicotyledoneae
Rekke Dekkfrøa planter Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Giftinformasjon

Heile planta er giftig og inneheld ranunculin, som har hud- og slimhinneirriterande verknad.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

bekkeblom
Caltha palustris
Artsdatabanken-ID
103095
GBIF-ID
5371685

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg