Skjellrot

Skjellrot, Lathraea squamaria er ein heilparasitt i snylterotfamilien

Snylterotfamilien, ein plantefamilie innan klassen tofrøblada planter beståande av omlag 2060 artar fordelt på 89 slekter, og er den største parasittiske dekkfrøa plantefamilien.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Orobanchaceae

Skildring

Familien består hovudsakleg av parasittiske urter, der storparten er snylteplanter som parasitterer røtene til andre planter. Det finst både artar som har eigen fotosyntese (halvparasittar) og artar som ikkje har eigen fotosyntese (heilparasittar) i familien. Det er eit stort morfologisk mangfald innan familien.

Utbreiing

Snylterotfamilien har ei global utbreiing, men med hovudtyngd rundt Middelhavet, i sørlege delar av Afrika, i Himalaya og vestre delar av Nord-Amerika.

Systematikk

Taksonomisk nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Rike Planteriket Plantae
Rekke Dekkfrøa blomeplanter Magnoliophyta
Klasse Tofrøblada blomeplanter Eudicots
Orden Leppeblomstordenen Lamiales
Familie Snylterotfamilien Orobanchaceae

Faktaboks

snylterotfamilien
Orobanchaceae
Artsdatabanken-ID
102417
GBIF-ID
6651

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg