Skulevegring er ei vegring for å gå på skulen som fører til fråvær. Elevar med skulevegring ynskjer å gå på skulen, men klarer det ikkje. Dei har vonde kjensler, har angst for å vere på skulen eller for å forlate heimen. Dei kjenner seg ofte uvel, kan ha vondt i magen eller i hovudet. Dei er stille, gjer lite av seg når dei er på skulen og vert ofte oversette.

Elevar med skulevegring vert borte frå skulen over lengre tid utan at det er sjukdom eller skade. Skulefråværet kan variere frå enkelte timar til lange periodar.

Årsakene til at eleven ikkje møter på skulen, kan vere mange og vise seg på ulike måtar. Felles er at det å vere borte frå skulen over lengre tid utan lovleg grunn er eit alvorleg teikn på at eleven mistrives, og ein må finne ut av situasjonen så raskt som mogleg.

Sjølv om det ikkje er klare definisjonar av vegring gir desse punkta ein indikasjon på når ein reknar fråvær som skulevegring:

  1. eleven er borte meir enn 25 prosent av skuletida dei to siste vekene
  2. eleven opplever store vanskar med å møte til timane i minst to veker eller
  3. eleven har meir enn ti dagar fråvær i ein kva som helst periode på 15 veker i eit skuleår (Kearney 2008).

Skilnad mellom vegring og skulk

I det daglege og i media er det relativt vanleg å snakke om skulevegring og skulk utan å skilje klart mellom omgrepa. Dette er derimot ulike problem som vanlegvis krev ulike tiltak.

Skulk kan skildrast som ein protest mot skulen som autoritet og eit val om å ikkje vere på skulen, medan elevar som vegrar, altså ynskjer å vere på skulen, men dei klarer ikkje å møte opp. Elevar som vegrar, er ofte flinke på skulen og opptekne av å lykkast i skulearbeidet. Elevar som skulkar, har ofte dårleg fagleg progresjon og har ofte faglege vanskar.

Karakteristika ved skulevegring

Framleis er det relativt lite forsking på skulevegring, og fagfolk drøftar om årsaka er faktorar hos eleven eller om det er knytt til visse sider ved skulen. Truleg er det ikkje noko enten eller. Nokre elevar er meir sårbare for vegring, men det kan også vere knytt til negative erfaringar med skulen som til dømes mobbing eller utestenging.

Skulevegring rammar både jenter og gutar, og uavhengig av familiebakgrunn. Elevar på alle klassetrinn kan oppleve vegring, men ein kan vere ekstra sårbar i visse periodar til dømes når ein står overfor noko nytt og utkjent som til dømes ved overgangen til ungdomsskulen, eller ved skifte av skule. Likeeins er det auka fare for vegring etter lengre opphald frå skulen, som sommar- og juleferie.

Elevar som vegrar, slit òg med aktivitetar elevar vanlegvis opplever som interessante, utfordrande eller som eit avbrot i kvardagen. Friare aktivitetar som idrettsdagar, oppsetting av teater eller revy, fag som gym eller kunst og handverk byr ofte på utfordringar ettersom desse faga og aktivitetane ofte har mindre struktur og førre faste rutinar enn mange andre fag og aktivitetar i skulen.

Viktige faktorar i arbeid med vegring

At aktiviteten i skulen er føreseieleg kan synast å vere ein nøkkelfaktor for elevar som vegrar. Å ikkje vite kva som skal skje, korleis og saman med kven kan vere faktorar som aukar risikoen for vegring. Tilsvarande er det viktig å førebu elevar som vegrar, eller er i risiko for å utvikle vegring, på kva som skal skje på skulen i ulike aktivitetar, særleg når aktiviteten skil seg frå dei faste strukturane. Klare reglar og rutinar i skulen er òg viktig.

Ei utfordring er at det ofte vert sett inn tiltak for seint. Skulevegring har ein tendens til å feste seg dersom det ikkje vert gjort noko i ein tidleg fase. Det går ikkje over av seg sjølv.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Havik, T., Bru, E., & Ertesvåg, S.K. (2013). Parental perspectives of the role of school factors in school refusal. Emotional and Behavioural Difficulties. DOI: 10.1080/13632752.2013.816199
  • Havik, T., Bru, E. & Ertesvåg. S.K. (i trykk) Assessing reasons for school non-attendance. Akseptert for publisering i Scandinavian Journal of Educational Research.
  • Kearney, C. A. (2008). An Interdisciplinary model of School Absenteeism in Youth to Inform Professional Practice and Public Policy. Education Psychology Review, 20(3), 257-282.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg