Skogskjegg
Aruncus dioicus

Aruncus dioicus, skogskjegg. Foto frå: Sjørup V.f. Farsø

Skogskjegg er ei fleirårig urt i skogskjeggslekta i rosefamilien. Planten blir 1–2 meter høg og blømer med gulkvite blomar i ein stor topp i juni–juli. Skogskjegg er svartelista i Noreg.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Aruncus dioicus
Beskriven av
(Walter) Fernald
Framandartstatus i Noreg
SE – Svært høy risiko

Skildring

Skogskjegg er ei fleirårig urt som blir 1–2 meter høg. Plantane er særbu, med eigne hann- og hoplantar. Blada er finnete. Dei femtalige blomane er gulkvite, og hannplantane har mange pollenberarar i blomen. Fruktblada hos hoplantane dannar kapselfrukter.

Dyrking og bruk

Skogskjegg har vorte dyrka som prydplante.

Utbreiing

Skogskjegg stammar frå Nordaust-Asia og det vestlege Nord-Amerika. I Noreg blir skogskjegg dyrka som hageplante og eller funne naturalisert i næringsrik skog i låglandet austanfjells og langs kysten til Trøndelag. Planten er i sterk spreiing, og kan etablere tette bestandar som utkonkurrerer andre plantar fullstendig.

Veksestad

Skogskjegg trivst i fuktig, næringsrik jord i full sol til halvskugge. Stauden er hardfør til H8.

Framandartlista

Skogskjegg er oppført på Artsdatabanken si Framandartliste og utgjer ein svært høg økologisk risiko i Noreg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

skogskjegg
Aruncus dioicus
Tidlegare vitskapleg namn
Aruncus vulgaris Raf., Actaea dioica Walter
Artsdatabanken-ID
103263
GBIF-ID
5362136

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg