Snorre Sturlason
Snorre Sturlason
Av .

Skaldedikting er den delen av den norrøne diktinga som ifølgje overleveringar (særleg i sagalitteraturen) skal vere skapt av namngitte diktarar, skaldar, i historisk tid. Skaldediktinga omfattar òg ein del heidensk anonym dikting og dessutan fleire store anonyme kvad frå kristen tid med kristeleg-religiøst eller moraliserande innhald.

Skaldediktinga byggjer på det same metriske hovudgrunnlaget som eddadiktinga (trykk, kvantitet, bokstavrim). Men medan eddadiktinga i prinsippet berre har to versemål, har skaldediktinga mange. Det viktigaste er dróttkvætt. Stilen er ofte prega av innfløkte setningskonstruksjonar, mange poetiske ord (heiti) og poetiske omskrivingar (kenningar). Ein sentral del av den bevarte skaldediktinga er hirdskalddikting, ofte dråper, til ære for fyrstar og stormenn.

Frå 1000-talet av finst det kvad om helgenar og anna kristen skaldedikting. I sagaene siterer forfattarane også ei mengd enkeltvers, som blir sagt å vere dikta i ein gitt situasjon. Runesteinar (mellom anna Röksteinen i Östergötland) viser at dikting i gamalgermansk versemål var kjend over heile Skandinavia i vikingtida. Men den eigentlege skaldediktinga er først og fremst kjend frå Noreg og øyane i vest, framfor alt Island.

Kjende skaldar

Av kjende norske skaldar kan ein nemne Tjodolv frå Kvine og Torbjørn Hornklove, som begge var skaldar hos kong Harald Hårfagre, og Øyvind Skaldespille hos kong Håkon den gode. Islands største skald på 900-talet var Egil Skallagrimsson.

Frå siste del av 900-talet og seinare er alle hirdskaldane islendingar, til dømes Hallfred Vandrådeskald hos kong Olav Tryggvason og Sigvat Tordarson og Tormod Kolbrunarskald hos Olav den heilage.

Blant dei mest kjende skaldane på 1100-talet er islendingen Einar Skulason og Orknøy-jarlen Ragnvald Kale, og på 1200-talet islendingane Snorre Sturlason og nevøane hans Olav Tordarson Hvitaskald og Sturla Tordarson.

Funn og autentisitet

Hirdskaldane var berarane av den viktigaste verdslege poetiske og historiske tradisjonen frå denne tida, men sjølv om skaldane var islandske etter 900-talet, levde kjennskapen til versekunsten deira lenge vidare også i Noreg. Runeinnskrifter i dróttkvætt-versemål er funne på norske stavkyrkjer (Urnes, Vinje) og på runepinnar frå så seint som 1300-talet (utgraving på Bryggen i Bergen).

Skaldedikting som er overlevert i sagalitteraturen, byr ofte på store problem når det gjeld spørsmålet om «autentisitet», det vil seie om diktet er dikta av den personen og i den situasjonen som overleveringa angir. Minst problematisk i så måte er den skaldediktinga som finst i «samtidssagaene» og i dei klart uhistoriske fornaldarsagaene, medan den diktinga som blir sagd å vere frå eldre historisk tid (i kongesagaer og islendingesagaer), stadig er emne for debatt.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg