Septiktank er ein tank som har som oppgåve å skilje slam og tyngre partiklar og dessutan feitt i avløpsvatn frå enkeltbustader eller mindre husklyngjer.

Faktaboks

Uttale
sˈeptiktank

Septiktankar blir ofte brukte der ein bygning ikkje er knytt til eit offentleg kloakknett. Tanken gir ufullstendig nedbryting av slam ved surgjæring. Dei gassane som blir danna, blir vanlegvis ventilerte bort gjennom tilløpsleidningen. Tanken må tømmast for slam kvart år.

Septiktankar blir bygde av ringar i betong eller glasfiberarmert plast.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg