Kart over utbreiinga til dei semittiske språka
Arabisk skrift

Arabisk er det største semittiske språket. Ulike skrifttyper i tekst. 1) Kufi. 2) Thuluth. 3) Diwani. 4) Moderne trykkskrift.

Av /Store norske leksikon ※.

Semittiske språk er ei gruppe språk som primært blir snakka i Midtausten og det nordlege og nordaustlege Afrika. Over 420 millionar menneske har eit semittisk førstespråk, og det store fleirtalet — over 370 millionar — snakkar variantar av arabisk. Andre velkjende semittiske språk er hebraisk, arameisk, amharisk og tigrinsk.

Faktaboks

Uttale
semˈittiske språk
Etymologi

Av Sem (hebraisk שֵׁם šem) ein av dei tre sønene til Noa

Det er nær slektskap mellom dei semittiske språka, og dei har ei rekkje felles drag.

Dei semittiske språka blir rekna som ei grein av den afroasiatiske språkfamilien — tidlegare kalt den semittisk-hamittiske språkfamilien. Nemningane semittisk og hamittiske er nærmare omtalte i avsnittet Nemninga semittisk lenger nede.

Opphav og slektskap

steintavlebrev med akkadisk skrift

Brev skreve i akkadisk kileskrift på steintavle. Skriften har former og teikn som minner om kilar eller vinklar, laga ved at ein pressa teikna inn i våt leire med firkanta griflar. Seinare gjekk ein over til å lage innskriftar på stein.

Av /NTB Scanpix ※.

Etter sumerisk og egyptisk er det semittiske språket akkadisk verdas eldste kjende språk, belagt i skrift frå og med 2500 fvt.

Ursemittisk

Dei semittiske språka har eit felles opphav i ursemittisk, som ikkje er belagt i skrift, men som langt på veg har blitt rekonstruert med den historisk-komparative metoden. Betre kjennskap til dei konservative nysørarabiske språka, som mehrisk, har vore til stor nytte i rekonstruksjonen av det ursemittiske konsonantsystemet.

Lenge gjekk ein ut frå at den arabiske halvøya var utgangspunktet for det ursemittiske språket. Alle kjende semittiske folkevandringar har hatt utspring der. Alternative teoriar har søkt dei semittiske røtene i småfekulturane i randsonene langs den syriske ørkenen eller i Mesopotamia. Merksemda kring hypotesen om ein afroasiatisk språkfamilie har dei seinare åra gjort at forskinga har retta seg mot eit felles opphav i Nord-Afrika. Semittisk er den einaste greina av afroasiatisk som ikkje berre blir snakka i Afrika.

Den afroasiatiske hypotesen

Hypotesen om semittisk som ei grein av ein afroasiatisk familie inneber at det lenger tilbake i tida fanst eit urafroasiatisk, som semittisk og andre greiner av afroasiatisk har opphav i.

Trass i fleire freistnader har det ikkje lukkast å rekonstruere urafroasiatisk, og dei foreslåtte rekonstruksjonane skil seg sterkt frå kvarandre. Dette tyder ikkje at hypotesen er falsifisert, men at urafroasiatisk blei snakka for så lenge sidan — truleg godt over 10 000 år — at ein rekonstruksjon kan vere umogeleg.

Inndeling

Hebraisk skrift
Hebraisk er eit semittisk språk.
Hebraisk skrift
Lisens: CC BY SA 3.0

Den ungarske språkforskaren Robert Hetzron (1937–1997) klassifiserte dei semittiske språk på grunnlag av felles morfologiske innovasjonar. Klassifikasjonen er presentert nedanfor, med nokre tillegg frå det amerikanske oppslagsverket Ethnologue. Hetzron opererte med to hovedgrupper, austsemittisk og vestsemittisk.

Austsemittisk

Austsemittisk (også kjent som mesopotamisk semittisk) omfattar to språk:

  • akkadisk (3000–100 evt.), med dei yngre dialektane assyrisk og babylonsk.
  • eblaittisk, kjent frå 4500 år gamle innskrifter i oldtidsbyen Ebla.

Om eblaittisk skal klassifiserast som eit eige språk eller som ein dialekt av akkadisk, er omdiskutert.

Vestsemittisk

Vestsemittisk omfattar sentralsemittisk og sørsemittisk.

Sentralsemittisk har to greiner:

Sørsemittisk har ei austleg og ei vestleg grein:

  • Austleg sørsemittisk
  • Vestleg sørsemittisk
    • Gamal-sørarabisk, belagt frå ca. 500 fvt.
    • Etiopisk semittisk (etiosemittisk)
      • Nordetiopisk semittisk
      • Søretiopisk semittisk
        • Transvers søretiopisk
          • Amharisk-argobba
          • Harari-austgurage
            • Harari
            • Silt'e
            • Wolane
            • Zay
        • Ytre søretiopisk
          • n-gruppa
            • Gafat
            • Kistane
          • tt-gruppa
            • Muher
            • Vestgurage
              • Inor
              • Mesmes
              • Mesqan
              • Sebat Bet-gurage

Fellestrekk

Ei rekkje språklege trekk er felles for alle eller dei fleste semittiske språka.

Lydsystemet

Dei fleste språka har dei faryngale frikativane [ħ] (ustemd) og [ʕ] (stemd). Nokre språk, som akkadisk og amharisk, har mista dei.

Dei fleste har seriar med konsonantar der éin er stemd, éin er ustemd og éin er faryngalisert (som i arabisk) eller ejektiv (som i amharisk):

  • arabisk د [d], ت [t], ط [tˤ]
  • amharisk ደ [d], ተ [t], ጠ [t’]

Systemet med ejektiv er det eldste og er rekonstruert for ursemittisk. Sentralsemittisk har erstatta ejektivane med faryngaliserte konsonantar.

Ordstruktur

Når det gjeld ordstrukturen, blir til dømes tre konsonantar («rotkonsonantar») kombinerte for å gi ei grunnleggjande betydning, og kombinasjonen blir modifisert ved hjelp av eit regelmessig system av ulike vokalmønster og affiks for å danne enkeltord. Her er nokre døme frå babylonsk:

  • šarāqu 'å stele' ⇒ šarrāqu 'tjuv'
  • ekēlu 'å vere mørk' ⇒ uklu 'mørker'
  • šuttu 'draum' (av eldre šuntu) ⇒ šunātu 'draumar'
  • abu 'far' ⇒ abbū 'fedrar'

Verbsystemet

I verbalsystemet er aspekt meir sentralt enn tempus. Det er vanleg å skilje mellom aspekta imperfektiv og perfektiv. Her er eit bibelhebtaisk døme frå 1. Mosebok, 1,1, der verbforma בָּרָ֣א bårå 'skapte' ikkje er ei preterimtum-form som på norsk, men ei perfektiv-form:

בְּרֵאשִׁ֖ית בָּרָ֣א אֱלֹהִ֑ים אֵ֥ת הַשָּׁמַ֖יִם וְאֵ֥ת הָאָֽרֶץ

bǝrešit1 bårå2 ʔǝlohim3 ʔæt4 haššåmajim5 wǝʔæt håʔåræs’7

I-opphavet1 skapte2 Gud3 objekt4 himmelen5 og-objekt6 jorda7.

Objektsmarkøren, på hebraisk ʔæt, er eit typisk nordvestsemittisk drag.

Syntaks

Semittisk hadde opphavleg leddstillinga VSO (verbalsubjektobjekt), og slik er det i hovudsak framleis, men moderne etiopiske semittiske språk (i motsetnad til eldre, som geez), har leddstillinga SOV (subjekt – objekt – verb).

I nomenfrasar hadde opphavleg semittisk adjektivet etter substantivet. Også dette gjeld framleis, bortsett frå i moderne etiopiske semittiske språk.

Særutviklinga i moderne etiopisk semittisk er påverknad frå kusjittisk.

Ordtilfang

Dei semittiske språka har også mykje av ordtilfanget felles. Den felles arven av tidlege «kulturord» ser ut til å spegle ein sivilisasjon i overgangen mellom nomadisk og fastbuande levesett.

Nemninga semittisk

Nemninga semittisk er henta frå den gamaltestamentlege mytiske stamtavla til Noa og dei tre sønene hans :

  • Sem — hebraisk שֵׁם (šem) — blir rekna som stamfaren til hebrearane og dei fleste andre folka i Midtausten og lenger aust.
  • Kam (Ham) — hebraisk חַם (ħam) — blir rekna som stamfaren til kanaanearane og folk i Afrika.
  • Jafet — hebraisk יֶפֶת (jǽpæt) —‎ blir rekna som stamfaren til folk nord og vest for hebrearane.

Namna på sønene til Sem, Kam og Jafet 1. Mosebok kapittel 10 er i hovudsak namn på ulike folk og rike som hebrearane kjende til, og inndelinga gir ikkje meining språkleg. Ein av sønene til Kam heitte Kanaan — hebraisk כְּנַעַן‎ (knáʕan) — som kanaanearane stammar frå. Sem blir omtalt som «stamfar til alle Eber-sønene» (1. Mos. 10,21), og Eber — hebraisk עֵבֶר (ʕebær) — har same trekonsonantrota (ʕbr) som עִבְרִי (ʕibri) 'hebrear'. Men i moderne semittisk språkvitskap blir hebraisk plassert i den kanaaneiske greina av nordvestsemittisk; sjå avsnittet Inndeling ovanfor. Mellom sønene til Sem er Elam, eigentleg namnet på eit oldtidsrike austanfor Mesopotamia. Det elamittiske språket var ikkje semittisk, men truleg eit språkisolat.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg