Pomorer
Russiske pomorer ombord på et skip. Bildet er tatt en gang før 1917.
Av .

Russenorsk er eit såkalla pidginspråk som blei brukt som hjelpespråk i pomorhandelen mellom nordmenn og russarar i Nord-Noreg særleg på 1800-talet og fram til første verdskrigen. Språket er ikkje lenger i bruk, og det bevarte nedteikna språkmaterialet er begrensa.

Faktaboks

Også kjend som

moja på tvoja-språket

Opphav

Noreg og Russland er naboland, og handel mellom dei to landa har røter iallfall tilbake til vikingtida. Pomorhandelen mellom russarar og nordlendingar er mykje yngre og kan daterast til tida mellom cirka 1740 og 1917, året for den russiske revolusjonen. I løpet av desse åra kom pomorane stort sett kvar sommar seglande vestover for å byte til seg fisk mot hovudsakleg mjøl, rug («russemjøl») og kveitemjøl, men også andre varer.

For å kunne handle med kvarandre måtte nordlendingane og russarane kommunisere på eit eller anna vis, sidan korkje russisk, norsk, samisk eller kvensk er gjensidig forståelege språk. Dette er bakgrunnen for at pidginspråket russenorsk blei utvikla som lingua franca, det vil seie eit språk som blir brukt av personar som ikkje har gjensidig forståelege morsmål. Eit pidginspråk er eit avgrensa språk som ikkje blir brukt som morsmål av nokon. Det har ein forenkla grammatikk og blir ofte nytta som handelsspråk.

Oppbygging

Russenorsk er ikkje lenger i bruk og er såleis å sjå på som eit dødt pidginspråk. Men det er bevart ein del nedteikna språkmateriale, og språket er beskrive i artiklar og bøker. Dei om lag 400 orda som er bevarte, består av ei blanding av for det meste russiske, og norske, men òg samiske, svenske, engelske, tyske og nederlandske ord.

Ordtilfang

Pomorer
Fire russiske pomorer. Fotografiet er tatt i Vardø rundt 1900.
Av /Vardø museum.

Orda jossa og tiksa om hyse kan komme frå samisk, gaima (= namnebror/-søster) anten frå samisk eller kvensk, grot og krank frå nedertysk eller nederlandsk og jes, ju, better ogslipom frå engelsk.

Dei fleste bevarte tekstane er frå norsk side. Ordtilfanget dekkjer i hovudsak det som var føremålet med språket, nemleg kjøp og sal, handel og vandel.

Preposisjoner

Språket er òg blitt kalla “moja på tvoja-språket”. På russisk betyr moja 'min' og tvoja 'din'. er preposisjon både i norsk og russisk (po), og bortimot den einaste preposisjonen brukt i russenorsk.

Substantiv

Substantiv blir ikkje bøygde. Substantiva har ein tendens til å ende på -a: groppa (gryn), mokka (mjøl), klæba (brød), saika (sei), men også på -i: kruski (krus), sukkari (sukker), svedski (lys).

Verb

Verb blir heller ikkje bøygde. Verba ender som regel på -om som blir lagt til verbstammen: betalom, drikkom, lygom, slipom (sove), skaffom (ete).

Vi ser av desse døma at dei handelsvarene som pomorane hadde med seg, rimelegvis stort sett hadde russiske namn.

Eksempel

Nedanfor følgjer eit par eksempel på enkeltsetningar og ein litt lengre samtale på russenorsk.

Setningar

moja smotrom kak ju pisat = eg ser/såg at du skriv/skreiv

kak ju vina trinke, Kristus grot vre = dersom du drikk vin, blir Kristus svært vreid

kak tvoja levom = korleis lever du? korleis har du det?

Samtale

Samtalen nedanfor blei i 1891 trykt i månadsskriftet Nordlands Trompet. Her er berre delar av han gjeven att:

Russaren (R): Strasvi! (God dag!)

Nordmannen (N): Kak jou snakka? (Kva seier du?)

R: Moja vil snakka paa tvoja. Moja vil kopum hos tvoja. (Eg vil snakke med deg. Eg vil kjøpe hos deg.)

N: Kak jou kopum? (Kva vil du kjøpe?)

R: Fiska kopum? Kak staait? (Eg vil kjøpe fisk. Kva kostar han?)

N: Pæt vaaga mokka paa staa fiska. (Fem våger mjøl for 100 fisk).

Første nedteikning

Den aller første nedteikninga av ein russenorsk samtale er gjord av byfuten Gustav Peter Blom i 1830. I bind 1 i tobindsverket Russland kommer nærmere (2014), redigert av Jens Petter Nielsen, blir denne samtalen gjeven att som døme på lattervekkjande trekk ved språket.

Bakgrunnen er denne: Blom er i Tromsø og er ute og spaserer med ein annan nordmann, og sistnemnde kan russenorsk. Dei treffer ein russisk kjenning av vennen til Blom. Russaren spør vennen til Blom kor han har vore sidan sist. (I parentes skal det minnast om at preposisjonen er så å seie einaste preposisjonen i russenorsk. I tillegg må vi vite at verb som å vere, bu, overnatte og liknande heiter å ligge ner.) Nordmannen seier at han har vore i Lyngen og budd to forskjellige stader:

Tre Dage på Christensen ligge ner og otte Daga på Madam Kildahl ligge ner.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Blom, Gustav Peter (1830). Bemærkninger paa en Reise i Nordlandene og igjennem Lapland til Stockholm i Aaret 1827. Christiania.
  • Broch, Ingvild & Ernst Håkon Jahr (1984). Russenorsk – et pidginspråk i Norge. Oslo: Novus.
  • Nielsen, Jens Petter (red.) (2014). Russland kommer nærmere. Norge og Russland 1814–1917. Oslo: Pax forlag.
  • Niemi, Einar (red.) (1992). Pomor. Norge og Russland gjennom tusen år. Oslo: Gyldendal.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg