Rollespelet Kvad

Rollespill er eit spel for to eller fleire spelarar, der ein av spelarane tradisjonelt tar rolla som spelleiar (engelsk game master, GM, eller dungeon master, DM). Spelarane har ansvar for ein karakter (rolle) kvar, medan spelleiaren har ansvar for å skildre verda og dei mange utfordringane spelarkarakterane møter. Saman fortel dei ei historie som vert driven av spelarane sine val i møte med utfordringar, der utfallet av konflikter vert styrt av terninger, kort eller anna tolka av spelleiaren med hjelp av etablerte reglar.

Rollespel er ein samlande kategori for spel der spelarane tar på seg roller, og der dei fortel ei forteljing gjennom spelets gang. Rollespel inneheld element av spel, eventyr og improvisasjonsteater, og kjem i mange variantar. Det første bordrollespelet var Dungeons & Dragons, som kom ut i 1974.

Faktaboks

Også kjend som

engelsk role playing game, RPG. Bordrollespill er kjent på engelsk som Tabletop role-playing game, TTRPG

Mange rollespel nyttar terningar for å få inn eit element av slump. Nokre rollespel nyttar brett og brikkar, i andre kan ein spele med sjølvteikna kart og figurar, og nokre variantar treng ikkje utstyr i det heile. I laivrollespel kler spelarane seg ut som karakterane sine og spelar handlinga ut fysisk.

Dungeons & Dragons fekk selskap av Runequest same år, og i dag er det eit enormt utval av rollespel, frå små kunstspel som First They Came til originale, fantasifulle verdener og store lisensierte verdener som Star Wars og Dune. Medan fantasyrollespel er mest spelt, finnes det rollespel innan alle moglege sjangrar, frå science fiction til kostymedrama. Nokre er actionorienterte, såkalla hack & slash, medan andre har større fokus på karakterutvikling og psykodrama.

Rollespel har likskap, og deler trekk, med rollespel slik det er nytta i terapi, opplæring og simuleringar, men slik rollespel er forstått her, er det med vekt på leik og spel.

Spelets gang

Før spelet byrjer, skapar vanlegvis kvar spelar sin eigen karakter. Karakterane har ulike eigenskapar, styrkar og svakheiter, og dei kan ha grundig uttenkt personlegheit og bakgrunnshistorie. I spel med fantasysetting kan karakterane vere ulike skapningar, som alvar eller dvergar, og dette er med på å bestemme kva slags eigenskapar karakteren har. Desse eigenskapane vil seie noko om til dømes fysisk styrke, smidighet, klokskap og utstråling.

Rollespel er typisk samarbeidsspel der målet ikkje er å vinne over kvarandre, men å fortelje ei historie saman, og å greie å oppnå eit mål som spelleiaren har sett. Det kan vere å løyse ei mordgåte eller å redde verda frå ein vondskapsfull herskar, eller å komme seg heilskinna gjennom visse oppgåver.

I mange rollespel er det ein spelleiar som styrer spelet, definerer verda spelet foregår i og legg føringar for kva karakterane kan gjere. Ein del nyare rollespel utelet spelleiaren, og regler og spelverda er eit fellesansvar for alle spelarane. Døme på dette er Alice is Missing og Blood Feud.

Nokre tradisjonelle rollespel har mykje til felles med brettspel og miniatyrspel, og fokuserer på bruk av miniatyrar og kamp, medan andre vektlegg fantasi, sosiale konflikter og samhandling mellom spelarane. Rollespel har ulike regelsystem; nokre spel er veldig bunden i mekaniske regler, medan andre liknar meir på improvisasjonsteater.

Bordrollespel

Det tradisjonelle rollespelet er bordrollespel (engelsk tabletop roleplaying games, TTRPG), der deltakarane sitt rundt eit bord og er ansvarleg for kvar sin karakter som dei skal spele ut. Dungeons & Dragons er eit slikt spel.

Spelleiaren (engelskDungeon Master, Game Master, Referee, Storyteller) skildrer verda som karakterane er i for spelarane. Spelleiaren har ansvar for alt som skjer i spelverda, og speler alle karakterar og motstandarar som spelarkarakterane møter på i forteljinga. Spelleiaren kan skrive rammeverket for si historie og lage si eiga verd, eller nytte ferdige opplegg, eller ein mellomting. Kart over verda er ofte ein del av spelet, spesielt i fantasyrollespel.

Spelarane forteljer etter tur kva karakterane deira gjer, og brukar terningkast for å avgjere om det er vellukka eller ikkje. Dei klassiske spela brukar gjerne terningar med 4, 6, 8, 10 og 20 sider. Terningtrillene er påverka av eigenskapene karakterane deira har, og vanskelighetsgraden satt av spelleiaren. Rollespel kan erstatte terningkast med både spelekort, djenga og anna.

Rollespelhistorier er ofte delt i one-shots, som er enkeltståande forteljingar som vert spelt over ein eller to økter, og kampanjer, som er lange, samanhengande sagaer fortald over fleire økter. Nokre kampanjer, som Masks of Nyarlathotep til spelet Call of Cthulhu, kan ta fleire år å spele for ei gruppe.

Døme på populære rollespel

Det finnes mange populære rollespel, nokre av dei mest kjende er:

  • Dungeons & Dragons er verdas mest kjende rollespel. Spelet har eit sett med regler for å spele high fantasy-eventyr, og ein tjuesiders terning er hovudmekanikken. Ein populær variant av Dungeons & Dragons er Pathfinder.
  • Call of Cthulhu kom ut i første utgåve i 1981 og er basert på skrekkfortellingane til H.P. Lovecraft. Her spelar ein etterforskarar i ulike tidsaldre, men mest vanleg er 1920-talet.
  • GURPS er eit populært universelt regelsystem som lar ein spele i alle moglege sjangrar og blandingar av det.
  • World of Darkness er samleteikninga for ein serie med rollespel som starta med Vampire: The Masquerade. I desse spela spelar ein ulike ovnernaturlege vesen i ein mørk og gotisk versjon av vår eiga verd.

Norske spel

Karakterark og terninger til det norske rollespelet Kvad. I dette spelet står sagaforteljingane sentralt, og eigenskapene på karakterarket attspeglar dette. Terningane her er spesielle for Kvad, men kjem i dei tradisjonelle variantane på 4, 6, 8, 10, 12 og 20 sider. I Kvad triller ein ulike terninger avhengig av kor god ein er i ein ferdigheit eller eigenskap.

I Noreg vert det mest spelt rollespel som er utgjeven på engelsk, men det finnes òg nokre populære norske spel. Nokre eksempel er Itras by, Vandrerne, Kvad, Fabula og Dragepust.

Tale er eit norsk rollespel som er utgjeven på engelsk.

Historikk

Det vert fortald ulike historier om korleis rollespel oppstår, men den første reelle rollespelutgjevinga var Dungeon & Dragons av Dave Arneson og Gary Gygax først utgjeven i 1974, og dette er framleis eit av verdas mest populære rollespel. Dette er eit sett med fantasyregler inspirert av miniatyrkrigsspel, og regelmekanikkane har hatt mykje fokus på kamp. Dungeons & Dragons har vore utgangspunkt for TV-serier, filmar og bøker, og dukker ofte opp som referanse i andre medier.

Andre rollespel følgde på frå 1974 og framover, og medan dei fleste var fantasyrollespel, så finnes det rollespel for alle tenkjelege sjangrar. Call of Cthulhu, basert på H.P. Lovecraft sitt forfattarskap, var tidleg i å introdusere skrekkrollespel i 1981, medan andre rollespel lar deg spele ut krigsscenarier, science fiction og anna. 1990-talet såg framveksten av rollespel som vektla historieforteljing, med spel som Vampire: The Masquerade. Dette var ein trend som held fram mot tusenårsskiftet.

Nyare rollespel er ofte regellette og har sterkt fokus på samarbeid heller enn ein konflikt mellom spelleiar og resten av gruppa.

Rollespel i populærkulturen

Rollespel er ein viktig del av samtidig populærkultur, og det har blitt populært å poste opptak av speling på YouTube og som podkastar. Slike seriar blir kalla Actual Plays, og dei kan trekke stort publikum, gjerne av folk som ikkje har tid eller omgangskretsen til å spele sjølv. Etter nedstengingane under koronapandemien har speling av bordrollespel online via Discord eller ulike Virtual Tabletops-system som Roll20 og Fantasy Ground blitt vanleg, og dette har gjort rollespel meir tilgjengeleg for folk som ikkje bor i nærleiken av andre som er interessert.

Folk som speler rollespel er ein del av handlinga i mange nyare filmar og seriar (som i TV-serien Stranger Things), og historiar henta frå rollespelverder er utgangspunkt for fantasyhistoriar både på film, i bøker og i fiksjonspodkastar.

Rollespelfestivaler

Rollespel er ein sosial aktivitet, og har vore prega av store og små rollespelklubber, rollespelfestivaler eller cons (kort for conventions). Her kan ein både møte andre å spele med, og prøve ut nye rollespel. Dei største internasjonale festivalane med rollespel på programmet er GenCon, Dragonmeet og Penny Arcade Expo.

I Noreg har alle alle dei store byane eigne rollespelfestivalar, og dei mest kjende er Arcon i Oslo, Hexcon i Trondheim og Regncon i Bergen.

Rollespel i andre spel

Rollespel dukker opp i mange ulike former, og det er mykje overlapp med spelaktiviteter som miniatyrspel (krigsspel) og brettspel. Rollespel spring utifrå eit narrativt fokus på desse spela. Rollespelelementar som karakterer og historieforteljingar har òg blitt meir vanleg å inkorporere i brettspel og krigsspel. Vidare har datarollespel blitt ein populær sjangar av videospel, der ein kan lage og utvikle sine eigne karakterer, og dei to formane for rollespel har utvikla seg side om side. Dette er mellom anna ein viktig bestanddel i populære MMORPG som World of Warcraft.

Laiv

Laiv er den mest synlege forma for rollespel, spelt vekk frå bordet. Og mange nyare rollespel utan spelleiar låner mykje frå denne forma for spel. Laiv er ei fornorsking av det engelske live-action roleplaying eller larp, og på norsk er det òg kjend som levande rollespel. I ein laiv vil spelarane spele ut historia i fysiske omgjevnadar og i kostymer. Graden av kostymering og bruk av kulisser vil variere veldig, og eit spel kan vare frå nokre få timer midt på dagen til å fleire dagar utan pause.

Laivrollespel har vore populære i Noreg sidan slutten av 1980-talet, og i Skandinavia har det utvikla seg ein tradisjon for kunstnariske intense korte laiver, kjend som Nordic Larp. Denne formen for laiv er ofte knytt til den nordiske spelfestivalen Knutepunkt, som roterer mellom arrangørlanda, og som er ein møtestad for spelarar, spelarrangørar og akademikarar for å drøfte, utvikle og spele levande rollespel.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Appelcline, S. (2014). Designers & Dragons: The 00s: A History of the Roleplaying Game Industry. Evil Hat Productions, LLC.
  • Appelcline, S. (2014). Designers & Dragons: The 70s: A History of the Roleplaying Game Industry. Evil Hat Productions, LLC.
  • Appelcline, S. (2014). Designers & Dragons: The 80s: A History of the Roleplaying Game Industry. Evil Hat Productions, LLC.
  • Appelcline, S. (2014). Designers & Dragons: The 90s: A History of the Roleplaying Game Industry. Evil Hat Productions, LLC.
  • Fine, G. A. (1983). Shared Fantasy: Role Playing Games as Social Worlds. University of Chicago Press.
  • Peterson, J. (2022). The Elusive Shift: How Role-Playing Games Forged Their Identity. The MIT Press.
  • White, W. J. (2020). Tabletop RPG Design in Theory and Practice at the Forge, 2001–2012: Designs and Discussions (1st ed. 2020 edition). Palgrave Macmillan.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg