Rogn

Rogn. Tre, blad og frukt (rognebær). Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Rogn Sorbus aucuparia

Rogn (Sorbus aucuparia) – saman med bjørk, hegg, osp, or og selje – er eit av dei boreale lauvtrea. Dette er artar som er godt integrerte i det nordiske klimaet. Dei toler kulde og trivst godt over heile landet. Her frå Larvik kommune i Vestfold og Telemark.

Rogn Sorbus aucuparia
Lisens: CC BY SA 3.0
Rognebær.
Rognebærene er svært delikate og inneholder mye av vitamin C.
Rognebær.
Høgtvoksende.
Rogn er et hardført treslag som også vokser oppover mot fjellet. Dette bildet er tatt på 940 moh.
Høgtvoksende.

Rogn er eit tre til ti meter høgt lauvtre i rosefamilien.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Sorbus aucuparia
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Treslaget veks i heile Europa med unntak av Sør-Spania. Rogn er vanleg i heile Noreg, i buskform veks ho høgt over skoggrensa. I Hemsedal er ho funnen heilt opp til 1500 meter over havet. I Nord-Noreg går rogna opp til 500 meter over havet. Rognetre eignar seg svært godt til offentlege beplantninger, både langs vegar, i parkar og på øvrige offentlege stadar.

Høstfarger.
Om høsten får rognebladene flotte farger, sammen med de røde rognebærene er treslaget et flott syn.
Høstfarger.
Flogrogn.
Rognetrær kan spire oppe i andre trær og kalles da flogrogn. Her har en fugl lagt igjen et "visittkort" med rognefrø oppe i furua. Og så har frøet begynt å spire og utviklet seg til en liten rogneplante. Etter hvert kan dette bli til et større rognetre.

Skildring

Rogneblomst.
Rogneblomstene har flott utseende, men har en litt emmen duft.
Rogneblomst.

Rogna har finna blad. Blomane er kvite og sit i store halvskjermar. Dei oransjeraude fruktene, rognebær, er skarpt sure bæreple. Desse vert utvikla frå trea er om lag ti år gamle. Rogn får blomar og produserer bær kvart år. Desse vert spreidd med fuglar, og nye rognetre kan difor spire langt frå mortreet. Sidensvans, kråkefuglar og trost set særleg stor pris på rognebær. Nokre gongar legg fuglane frå seg avføring med eit frø oppe i tre. Dersom frøet som ligg i næringsrik avføring festar seg i ein sprekk eller ei kløft kan det spire opp ei ny rogn oppe i treet. Slike rognetre som veks oppe i andre tre vert kalla flogrogn. Det har blitt knytt mykje overtro til flogrogn gjennom tidene. Mellom anna blei det hevda at ski laga av flogrogn gjekk av seg sjølv – óg i oppoverbakke.

Treslaget foryngar seg også vegetativt og skyt då både stubbeskot og rotskot.

Elgen har rogn som sin favorittmat om vinteren. Den norske elgstammen er i dag 30 ganger større enn for 50–60 år sidan. Dette har medført ei sterk auke i beite på rognetre over ein lang periode. Store tre av rogn er difor forhaldsvis sjeldne i skogane i typiske elgområder. Foryngelse av rogn rekk ikkje å vekse opp til større tre her, dei blir kvar vinter beita ned. Mindre rognebuskar i skogen er ofte beita ned gong på gong i løpet av mange vintrar.

Blomst.
Som regel opplever vi rogneblomstene på litt lengre hold, men på nært hold får vi se den flotte detaljrikdommen.

Utbreiing og vekstkrav

Utbreiing av rogn.

Naturlig utbreiing av rogn (Sorbus aucuparia). Basert på data fra Den internasjonale naturvernunionen (IUCN Red List, versjon 3, 2017).

Utbreiing av rogn.

Rogn er eit vanleg tre i skogen gjennom heile Noreg til langt opp på fjellet. Treslaget har over lang tid tilpasset seg norske klimaforhald og klarar seg med ein sommertemperatur på rundt 7,5 grader celcius.

Som dei fleste andre lauvtre veks rogn best i moldrik jord med frisk fukt. Men ho kan og vokse i områder med svært tørr jord. Treslaget er middels lyskrevande, men utviklar seg best der det er mykje lys. Unge tre krever lite lys.

Rogn har som furu ei kraftig pælerot. På stadar der det er grunnlendt mark, dvs. tynt jordsmonn over berggrunnen, klarar ikkje rogna å utvikle pælerot. Då kan ho bli utsatt for vindfelling. På veksestader med djupt jordsmonn går pælerota langt ned og sørger for svært god jordfesting av treet som då blir stormsterkt.

I Nord-Norge vert rogn nytta som prydtre, der er evna til å stå imot storm viktig. Dessutan toler rogn sjøsprøyt ganske godt, noko som og er viktig i nord ut mot kysten.

Sjukdommer og skader

Elgen beiter mykje på rogn, men andre dyr set og stor pris på rognevirke. Dette gjeld både mus og hare, som og kan skade rognetrea.

Rognebærmøllen (Argyrestiha conjugella) kan gjer stor skade på epler. Rogna er vertsplante og insektet legg egg i eplekarten.

Allsidig bruk

Kvist og bork (skav) blei tidlegare brukt til krøterfôr. Rogn er eit av dei treslaga som oftast opptrer epifyttisk – sjå flogrogn. I folkemedisin blei rogn brukt mot gikt og som urindrivande middel.

Statistikk

Landsskogtakseringa har registrert ein samla tilvekst av rogn på produktiv skogsmark på 256 346 kubikkmeter. På den marka som produserer mindre enn 0,1 kubikkmeter per daa og år, altså på den såkalte uproduktive skogsmarka, er tilveksten 4086 kubikkmeter per år.

Volumet av rognetre på produktiv skogsmark utgjer om lag 8,5 millioner kubikkmeter. På den uproduktive skogsmarka står det rundt 1,2 millioner kubikkmeter.

Trevirke

Yteveden er kvit med raudlege og grålege tonar, kjerneveden er gråbrun. Densiteten ved 15 prosent trefukt er cirka 0,64 gram per kubikkcentimeter. Virket er hardt og seigt, men ikkje særleg haldbart. Det blir mellom anna brukt til dreieartiklar, verktøyskaft og teiknesaker. Rogn er godt eigna til ved. Treslaget inneheld 2703 kWt per fastkubikkmeter med 17 prosent fuktighet. Dette er om lag 4 prosent meir enn i bjørk, som inneheld 2589 kWt.

Rognebær

Rogn med rognebær
Av .
Lisens: CC BY 3.0
Rognebærgele.
Rognebærene er svært godt egnet til å lage gele.
Rognebærgele.

Ifølge gamle myter skal mengden rognebær om hausten indikere kor mykje snø det blir påfølgande vinter. Logikken er at trea ikkje klarar å bere tung last to gonger. Altså: Mykje rognebær medfører lite snø påfølgande vinter. Lite rognebær på trea gjev mykje snø. Meteorologisk institutt har fulgt med på rognebær- og snømengder over fleire år, og har ikkje funne nokon sikker samanheng.

Rognebær er vårt nest suraste bærslag. Kun tranebær inneheld meir syrestoff. Rognebær inneheld mykje C-vitamin, rundt 60 mg per 100 gram. Dette er mer enn appelsiner, som inneheld om lag 51 mg per 100 gram. Helsemyndighetene tilrår at ein vaksen person får i seg 75 mg av C-vitamin kvar dag. Ved inntak av 125 gram rognebær får ein vaksen person dekka heile dagskvota av C-vitamin.

Bæra blir søtare med frost. Før frosten set inn om hausten er det få fuglar som et rognebær. Rett etter den fyrste frosten blir aktiviteten frå fuglane stor, eit rognetre kan bli ribba for bær i løpet av kort tid.

Rognebær blir mellom anna brukt i syltetøy, gelé, vin og likør.

Søtrogn (Sorbus aucuparia «Edulis»), er eit kultivert treslag som ikkje er viltveksande i Noreg. Treslaget vert nytta noko som hagevekst. Edulis er like hardført som vår rogn, men inneheld svært lite eller ingen bitterstoff. Søtrogn er mykje søtere enn vårt viltvoksande treslag, og inneheld over dobbelt så mykje C-vitamin C.

Systematikk

Taksonomisk nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Rike Planteriket Plantae
Rekkje Dekkfrøa plantar Magnoliophyta
Klasse Tofrøblada plantar Eudicots
Orden Roseordenen Rosales
Familie Rosefamilien Rosaceae
Slekt Asalslekta Sorbus
Art Rogn Sorbus aucuparia

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

rogn
Sorbus aucuparia
Tidlegare vitskapleg namn
Pyrus aucuparia (L.) Ehrh.
Artsdatabanken-ID
103483
GBIF-ID
3012167

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg