Ein ring er noko som er rundt, forma som ein sirkel.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt hringr

Ein ring kan vere eit smykke til å setje på fingeren eller feste i øyra. På folkedrakt er ring ei lita sølje til å ha i skjorteopninga.

Ring blir også brukt om andre ringforma gjenstandar eller fenomen, til dømes ein nøkkelring, festeringar i til dømes seletøy, ringar i vatn, årringar i tre, ringar kring ein planet og så bortetter.

I idrett er ringar ei øving i turn, etter apparatet med sirkelforma handtak som er feste til eit tau som heng ned frå eit tak eller liknande høgd, turnringar.

I idrett (og stundom også andre aktivitetar) er ein ring også eit avgrensa område der det blir konkurrert, til dømes ein boksering. Ein slik ring kan også vere forma som ein firkant.

Ein ring kan også vere ein krins av folk, til dømes i ringdans og andre aktivitetar der folk står eller sit i ring. Overført kan dette også brukast om ei gruppe menneske som driv med ein felles aktivitet, til dømes ein studiering eller leikarring.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg