Religionspsykologi er studiet av religiøse opplevingar med sikte på å skildre, forstå og forklare dei psykologiske føresetnadene og funksjonane deira.

Faktaboks

Uttale
religiˈonspsykologˈi

Psykologen Wilhelm Wundt ville beskrive religion på grunnlag av utviklinga av «den primitive mentaliteten». Meir bestemmande for moderne religionspsykologi var William James, som tok for seg det religiøse livet til den enkelte, og bygde på mange metodar. Han inspirerte mange seinare studiar av ulike typar personleg religiøsitet og av ulike former for religiøse erfaringar og opplevingar.

Av andre område i religionspsykologien kan nemnast studiet av den religiøse utviklinga hos barn og ungdom og forholdet mellom religion og sjeleleg helse eller sinnlidingar. I nyare tid har psykoanalysen hatt mykje å seie for religionspsykologien.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg