Reinrose på dolomittgrunn i Porsanger

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Reinrose i frukt. Brucebyen, Svalbard.

Reinrose er ein lågvaksen dvergbusk i slekta Dryas i rosefamilien. Dvergbusken har tjukke, lêraktige blad som minner om små eikeblad og kvite blomar med åtte kronblad. Blomane er insektspollinerte, og nøttefruktene som blir danna, med lang, hårete og vedvarande griffel, blir spreidde med vinden. Reinrose er, i motsetnad til dei fleste arktisk-alpine plantar, diploid.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Dryas octopetala
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
NT – Nær truet

Utbreiing

Reinrose finst over heile den nordlege halvkula, frå boreal til arktisk sone, og er ein viktig komponent i vegetasjonsdekket på tundra og på kalkrik hei i fjellet.

Bruk

Det finst kulturformer av planten, og nokre gulblomstra hybridar blir dyrka som fjellhagestaudar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

reinrose
Dryas octopetala
Artsdatabanken-ID
103303
GBIF-ID
4889932

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg