rave
Sterke fargar er ei viktig del av rave, både i lys og på klede.

Rave viser til ein danse- og musikkultur med utgangspunkt i såkalla rave parties på 1990-talet i England. Dette var ofte ulovlege arrangement som ofte gjekk føre seg på hemmelege stader, i lagerbygningar, klubbar, skogholt eller utanfor bykjerna.

Faktaboks

Uttale
reiv
Etymologi
engelsk, kan blant annet bety ‘vill begeistring, henførelse’

Musikk

På ein rave spelar DJ-ar elektronisk dansemusikk (EDM) som inkluderer er rekke med sjangar som house, drum and bass, trance, techno, garage, trap og så vidare. I tillegg til eit kraftig lydanlegg, er også lys- og lasareffektar og røykmaskiner vanleg på slike festar. Ofte blir omgrepet ravemusikk brukt, og det viser til overnemnte sjangrar.

PLUR (Peace Love Unity Respect) er eit sett med prinsipp og verdiar knytta til ravekulturen og korleis ein er forventa å oppføre seg på rave og klubb.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg