Bjørkeraklar.
Bjørkeraklar, kjelda til bjørkepollen
Bjørkeraklar.
Lisens: CC BY SA 3.0
Pollen fra Or
Pollenet er samla inn ved LUT Green Campus.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0
Pollen i elektronmikroskop

Det finst mange ulike typar pollen, og det er som oftast lett å avgjere arten til planta dersom ein har pollenkornet.

Av /Dartmouth Electron Microscope Facility.
Pollen.

Pollenkalender. Figuren viser omtrentleg tid for spreiing i ulike landsdelar av dei viktigaste pollensortane og muggsoppsporane som kan gje allergi.

Av /KF-arkiv ※.

Pollenallergi er allergi mot pollen, som er blomsterstøv frå planter og tre. Pollenallergi er årsak til høysnue, som er ei form for allergisk rinokonjunktivitt, og kan også gje astma.

Faktaboks

Også kjend som

pollinose

Pollenallergi er mest vanleg i alderen frå fem til 40 år. Om lag éin person av fem i befolkninga har pollenallergi av ulik styrke. Åtte av ti astmatikarar har pollenallergi, om lag éin av fem pollenallergikarar har astma.

Årsak

Immunsystemet reagerer med antistoff av typen IgE mot protein i pollenkorn som blir pusta inn. Allergien er derfor oftast retta mot pollen frå vindbestøva planter. Viktige kjelder til pollen som gir allergi, er i Noreg gras og tre med raklar (bjørk, hassel og andre).

Pollenallergi er den mest vanlege forma for allergi. Dette kjem både av den store mengda pollen som vi blir utsette for, av eigenskapar ved proteina (allergena) som blir sette fri frå pollenkorna når dei kjem i fuktig miljø, og av at pollenkorna ikkje berre inneheld allergen, men også andre stoff (adjuvans) som påverkar immunsystemet til å produsere allergiantistoffet IgE.

Variasjon med årstid og geografi

Pollenallergi har sterk sesongvariasjon, fordi pollenproduksjonen følgjer årstida og varer frå berre nokre dagar opp til månader, avhengig av kva plante pollenet kjem frå. Om våren er årsaka til symptoma særleg pollen frå hassel, or, og bjørk, men også andre treslag som salix-familien med selje og vidje kan gje allergi. Pollen frå hassel er det aller tidlegaste, og kan i nokre tilfelle komme allereie i januar. Om sommaren er årsaka oftast ulike graspollen, og på ettersommaren og hausten ugrasplanta burot. På hausten kan soppsporar frå planter som rotnar gje liknande symptom. Om vinteren kan stueplanter gje symptom som ved pollenallergi på grunn av tørka plantesaft i støv. Det gjeld mellom anna julestjerne og bjørkefiken (Ficus benjamina).

Fordi pollensesongen følgjer årstida, startar han seinare jo lenger nord i landet og jo høgare over havet ein kjem. Etter at pollensesongen er over i lavlandet i Sør-Noreg, kan derfor ein pollenallergikar få symptom på nytt om vedkommande reiser på hytta på fjellet eller til Nord-Noreg. Global oppvarming med mildare vintrar gjer at pollensesongen no startar tidlegare og varer lenger enn før.

Graspollen blir spreidd over berre kort avstand, nokre hundre meter. Trepollen blir derimot spreidd over store avstandar. Bjørkepollen frå baltiske land og Finland kan nå Finnmark.

I land med annan vegetasjon enn det vi har i Noreg, vil andre typer pollen vere viktige. I Italia er, i tillegg til graspollen, til dømes også pollen frå parietaria eller veggurt og oliven viktige årsaker til allergi. I Nord-Amerika er planten ragweed (nokre gonger omtala som ‘amerikansk burot’) den viktigaste kjelda til pollen som gir luftvegsallergi. I Japan er det i hovedsak berre ein type pollen som gir allergi, japansk cedar.

Pollenvarsel og pollenkalenderar for ulike land vil vise dei viktigaste lokale pollentypane for sesongen.

Symptom

Symptoma på pollenallergi er allergisk snue med nysetokt og kløe i nasen og augo, rennande augo, tett nase og klart nasesekret, av og til kløe i halsen og hesheit, astmasymptom og påverka allmenntilstand.

Diagnose

Diagnosen vert gjort på grunnlag av klinisk undersøking, sjukehistorie med utprega sesongvariasjon, og eit typisk symptombilete. Diagnosen vert støtta av allergitestar, enten prikktest i huda eller måling av allergenspesifikt IgE i serum. Forkjøling kan nokre gonger vere ein alternativ diagnose, og kan særleg i starten gje symptom som liknar dei ved pollenallergi.

Førebygging

Førebygging av symptom ved pollenallergi kan skje på fleire måtar, gjerne i kombinasjon:

  • Unngå pollen når mogleg. Pollennivået i lufta er høgast på varme, tørre dagar med vind, og toppar seg gjerne i ti-tida på føremiddagen. Unngå sterk fysisk anstrenging ute ved høge pollennivå. Planlegg uteaktivitetar og reiser. Det er pollensesong i fjellet etter at han er over i låglandet, pollensesongen er over i Sør-Noreg når han begynner i Tromsø. Det er mindre pollen ved sjøen. Skyll hender, ansikt og eventuelt håret etter å ha vore ute. Kjæledyr får pollen i pelsen når dei er ute. Børst eller skyll pelsen deira. Tettsitjande solbriller og pollenmaske hjelper. Unngå å tørke klesvasken ute, unngå opne vindauge i bil, og i hus anna enn på kveld og natt. Sjekk filter i ventilasjonsanlegg og pollenfilter i bil.
  • Start med medisin ei veke før det kjem mye pollen i lufta. Antihistamin verkar best om ein begynner å ta medisinen nokre dagar før pollennivået er blitt så høgt at ein merkar symptom. Dette gjeld også nasedropar og augedropar med andre aktive stoff enn antihistamin. Sjå punktet Behandling nedanfor.
  • For å redusere symptoma bør ein unngå irritantar som sterk parfyme, tobakksrøyk, annan røyk, dieseleksos og anna luftforureining. Slike irritantar, og spesielt dieseleksos, er vist også å auke risikoen for å utvikle pollenallergi og astma, både ved å verke på immunsystemet og ved å verke på trea. Forureining ‘stressar’ trea og får dei til å produsere pollenkorn som inneheld meir allergen og har mindre størrelse, slik at pollenet kjem lenger ned i lungene når vi pustar det inn.
  • Hyposensibilisering, også kalla immunterapi eller allergivaksinasjon. Dette blir tradisjonelt gjort ved at ein, hos lege, får injeksjon med låge dosar av det aktuelle pollenallergenet, dosar som så gradvis blir auka. I startfasen får ein ofte injeksjon kvar veke, deretter kvar månad. Dette blir gjort over lang tid, gjerne tre til fem år. Ein vil da kunne oppnå å tåle betydeleg høgare mengder pollen i lufta utan å få symptom, men det vil framleis vere risiko for reaksjon mot store dosar pollen. Effekten er godt dokumentert, med nytte opp til seks år etter avslutta behandling, med individuell variasjon. Hyposensibilisering med smeltetablettar under tunga kvar dag er ein nyare metode som er tatt i bruk for graspollen. Tablettmetoden kan, etter oppstart hos lege, gjennomførast heime, den verkar raskare enn injeksjonsmetoden, men bør helst starte fire månader før pollensesongen. For langtidseffekt bør kuren takast over tre til fire pollensesongar.

Alkohol forverrar allergisymptoma.

Behandling

For å dempe symptoma, er det vanlegaste behandling med antihistamin-preparat som tablettar eller mikstur, ofte med nasedropar og augedropar i tillegg. Dersom det er for liten effekt av antihistamin, kan ein prøve inhalasjonspulver eller nasespray med kortikosteroidar eller kromoglikat. Minstepakningar av antihistaminpreparat får ein kjøpt på apotek utan resept. Injeksjon med langtidsverkande kortisonpreparat blir ikkje anbefalt på grunn av biverknadene. Start med antihistamin-behandling ei veke før det kjem høge pollennivå, og bruk medisinen regelmessig til pollensesongen er over. Allergikarar får medisin på blå resept ved symptom i minst tre månader i året.

Godt gjennomført behandling med antihistamin er rapportert å redusere risikoen for at pollenallergien skal utvikle seg til astma. Astmasymptom må behandlast med astmamedisin i samråd med lege.

Behandling for å dempe sjølve allergien er hyposensibilisering, også kalla immunterapi eller allergivaksinasjon (sjå siste punktet under Førebygging ovanfor).

Pollenallergikarar kan ha rett til forlenga tid på eksamen, med legeattest.

Kryssallergi og reaksjon mot mat

På grunn av likskap mellom allergena i pollen og protein i mange planter og frukter, vil menneske med pollenallergi ofte oppleve allergisymptom ved inntak av mat. Dette vert kalla oralt allergisyndrom og kjem av kryssallergi. Over halvparten av pollenallergikarane vil merke kløe, nummenheit eller opphovning i munnen og svelget når dei et mat frå visse planter. For eksempel vil bjørkepollenallergikarar ofte reagere mot hasselnøtter, eple og gulrøtter.

Ved allergitesting ved pollenallergi vil det ofte vere utslag også mot matvarer som ein ikkje får symptom av. For eksempel vil mange bjørkeallergikarar vere testpositive mot peanøtter og soya, uten at dei får symptom frå desse matvarene. Pasienten er då kryss-sensibilisert, men har ikkje kryssallergi. Det er derfor viktig at ein matallergidiagnose hos pollenallergikarar først og fremst byggjer på ei grundig sjukehistorie og undersøking hos legen, og ikkje berre på utslag i ein allergitest.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg