Parkslirekne frå Søndre Sandøy, Hvaler.
Fallopia japonica

Fallopia japonica, parkslirekne. Foto frå: Blåkilde Mølle, Hobro, Danmark

Parkslirekne er ei fleirårig urt i slireknefamilien. Planten er 1–2 meter høg med grove, opprette stenglar. Blada er store, 10 centimeter lange eller meir, lêrharde med tverr bladgrunn og utdregen spiss. Blomane er små og grønkvite. Planten, som stammar frå Aust-Asia, er einkjønna og set sjeldan modne frø i Europa. Han formeirar seg i staden med kraftige jordstenglar, opptil 5 centimeter tjukke og 20 meter lange.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Reynoutria japonica
Beskriven av
Maarten Houttuyn
Framandartstatus i Noreg
SE – Svært høy risiko

Parkslirekne vart innført til Noreg som prydplante, men har mange stader kome ut av kontroll og spreier seg no sterkt i strand- og skogkantar, langs vegar og elles på udyrka mark. Han er nokså vanleg i Sør-Noreg, meir sjeldan i kyststroka vidare nordover til Lofoten og Vesterålen. Planten er vanskeleg å få bukt med, spesielt om ein berre bruker mekaniske metodar. Best resultat blir oppnådd med ein kombinasjon av mekaniske tiltak, til dømes slått, etterfølgd av kjemiske tiltak (glyfosat) på gjenveksten.

Planten er oppført på IUCNs liste over dei hundre verste invaderande artane i verda. Han fekk kategori «svært høg risiko» på framandartslista (Norsk svarteliste) i 2012.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

parkslirekne
Reynoutria japonica
Tidlegare vitskapleg namn
Tiniaria japonica (Houtt.) Hedberg, Pleuropterus cuspidatus (Siebold & Zucc.) H.Gross, Polygonum cuspidatum Siebold & Zucc., Polygonum sieboldii de Vriese, Fallopia japonica (Houtt.) Ronse Decr.
Artsdatabanken-ID
129594
GBIF-ID
2889173

Kommentarar (2)

skreiv Sverre Olav Lundal

Ein metode for å bekjempa planten er å slå ha ned om hausten og leggja svart plast over han. Då skal planten vera utan liv neste år. Men det gjenstår ein jobb med å få fjerna røtene. Tips i Bladet Sunnhordland frå ein lesar som respons på at vegvesenet planlegg ein aksjon mot planten

svarte Unni Vik

Gode tips trengs for å bekjempe denne svartelista planta, Sverre Olav! Takk for at du deler.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg