Malariaparasitt
Malariaparasitt (blå, til høgre) trengjer inn i ei blodcelle (raud, til venstre). Biletet er teke ved skanning med elektronmikroskop og fargelagt. Det vesle biletet som er innfelt, er sterkare forstørra.
National Institute of Allergy and Infectious Diseases, NIH.
Lisens: CC BY NC 2.0
Skjelrot

Skjelrot er ein heilparasitt utan eigen fotosyntese.

Skjelrot
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Parasittisme er eit levevis eller ein strategi der ein organisme (parasitten eller snyltaren) lever av éin eller nokre få andre vertsorganismar i ei eller anna form for samliv. Parasitten har einsidig fordel av dette samlivet, medan det er til meir eller mindre skade for verten, sjølv om verten sjeldan døyr. I vanleg betydning blir parasittisme forstått slik at parasitten og verten er av ulik art.

Faktaboks

Uttale
parasittˈisme
Etymologi
av parasitt

Studiet av parasittar og parasittisme heiter parasittologi.

Parasittisme hos dyr

Røyrsongar matar gaukunge
Reirparasittisme: Ein røyrsongar matar ein gaukunge i Tsjekkia.
Røyrsongar matar gaukunge
Lisens: CC BY SA 3.0

Parasittar blir delte inn i temporære parasittar og stasjonære parasittar, og dei førstnemnde har berre i korte periodar kontakt med verten (til dømes blodsugande insekt). Dei fleste parasittar er stasjonære, det vil seie at dei oppheld seg i lengre tid i eller på verten. Ein skil mellom parasittar som lever inne i lekamen til verten, endoparasittar, og dei som lever utanpå, ektoparasittar.

Ei spesiell gruppe endoparasittar er parasittoidar, insekt som er frittlevande som vaksne, men som lever parasittisk på andre insekt som larver. Desse skil seg frå andre parasittar ved at verten alltid blir drepen, og slik liknar parasittoidar meir på predatorar. Andre organismar i ei gråsone er nekrotrofe parasittar, parasittar som først drep verten og held fram med å ete han etter at han er død. Desse kan ein òg sjå på som nedbrytarar.

Andre spesialformer for parasittisme er kleptoparasittisme og reirparasittisme. Kleptoparasittisme inneber at ein dyreart heilt eller delvis livnærer seg ved å stele mat frå andre artar, slik til dømes joar livnærer seg ved å stele mat frå andre sjøfuglar. Reirparasittisme inneber at ein fugleart legg egg i reiret til ein annan art og dermed overlèt byrda ved å fôre opp ungane til andre artar. Dette gjeld mange fuglar, mellom anna gauken i Noreg og trupialar i Nord-Amerika, og dessutan gaukveps.

I økologisk samanheng er det nyttig å skilje mellom mikroparasittar og makroparasittar. Mikroparasittar er små, talrike parasittar som formeirar seg inni verten, som regel inni cellene. Dette er virus, bakteriar og nokre protozoar (trypanosomar), det vil seie artar som mellom anna gir infeksjonssjukdommar hos menneske. Makroparasittar lever anten utanpå verten eller i holromma til verten, og dei formeirar seg ikkje i verten: døme er flått, bendelormar og mjøldoggsoppar.

Vertskifte

Anopheles gambiae

Malariaparasitten blir overført med homygg av slekta Anopheles. Anopheles gambiae, på biletet, er kjend som ein av dei mest effektive.

Av /CDC.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Mange parasittar skiftar regelmessig vert, noko som inneber at parasitten i ulike utviklingsstadium lever i vertar som høyrer til ulike dyregrupper. Vertskifte kan òg vere knytt til generasjonsveksling, slik at ulike generasjonar av parasitten lever i ulike vertar. Til dømes er parasittane som framkallar malaria hos menneske (Plasmodium spp.), heilt avhengige av spesielle artar av mygg for å fullføre livssyklusen, og for deretter å kunne overførast til andre vertsorganismar.

For endoparasittar medfører det spesialiserte leveviset ofte tilbakedanning av organ som har betydning for frittlevande dyr, til dømes auge og tarm, og parasittar har gjerne utvikla spesielle festeorgan.

Vekstrate

I mange samanhengar (til dømes vaksineprogram) er studiar av parasittane sin demografi (fordeling) nyttig. For mikroparasittar har det inga hensikt å telje talet på parasittar, så vekstraten til parasitten blir rekna som talet på vertar som vil bli smitta av kvar smitta vert. Denne vekstraten avheng av (1) tettleiken av susceptible (ikkje-immune) vertar, (2) kor lenge kvar vert held fram med å vere smittsam, og (3) smittegrada til parasitten (sjukdommen).

Dersom vekstraten er under 1, til dømes dersom tettleiken av vertar er for låg, vil sjukdommen døy ut. Til dømes kan meslingar ikkje eksistere i befolkningar på mindre enn 300 000 menneske, og dette blei derfor ikkje ein utbreidd sjukdom før på 1700-talet.

Mange sjukdommar skiftar mellom ein epidemisk fase der vekstraten er langt over 1, og ein endemisk fase der vekstraten er cirka 1. I eit meslingutbrot er vekstraten cirka 20. Etter kvart som dei fleste har hatt sjukdommen og blir immune, blir tettleiken av susceptible vertar for låg, og sjukdommen forsvinn lokalt. Når sjukdommen er borte, vil tettleiken av susceptible vertar auke igjen fordi det blir fødd nye ikkje-immune barn, og dermed kan eit nytt utbrot starte.

Kor mange som må vaksinerast for å utrydde ein sjukdom, avheng av vekstraten til sjukdommen i ei ikkje-vaksinert befolkning, R0. Når andelen vaksinerte menneske er større enn 1 − (1 / R0), vil sjukdommen døy ut. For meslingar er denne grensa 1 − (1 / 20) = 0,95. Sjukdommen blir altså utrydda om 95 prosent av befolkninga blir vaksinerte. For raude hundar er R0 = 8, og 88 prosent må vaksinerast for å halde sjukdommen nede. R0 åleine er ikkje eit godt mål på kor farleg ein smittsam sjukdom er: til dømes hadde spanskesjuka ein R0 på 2–3.

Parasittar blir ofte også brukte i biologisk nedkjemping. Målet der er å halde vekstraten til parasitten stabilt rundt 1 medan vertspopulasjonen blir halden på eit lågt antal.

Virulens

Grada av virulens (evna til å framkalle sjukdom) er viktig for suksessen til parasitten. Dersom mikroparasittar er svært virulente ved at dei formeirar seg veldig raskt i kroppen, døyr verten før han rekk å smitte andre. I motsett fall, dersom parasitten formeirar seg for langsamt, blir det produsert få smittepartiklar, og verten kjem neppe til å smitte andre. Parasitten vil evolvere mot ei virulensgrad mellom desse ytterpunkta. Dette kan skje svært raskt. Til dømes drap myxomatose cirka 99 prosent av kaninane då denne sjukdommen blei introdusert til Australia i 1950, men allereie i 1952 hadde sjukdommen utvikla seg til å bli langt mildare. Ei høg grad av virulens er med på å hindre til dømes ebolavirus i å spreie seg.

Utbreiing

Parasittisme er eit svært vanleg levevis. Antakeleg lever meir enn halvparten av alle levande organismar som parasittar. Særleg vanleg er parasittisme som levevis blant eincella organismar, rundormar og krepsdyr. Nær sagt alle dyr tener som vertsorganismar for ein eller fleire parasittar. Fleire millionar menneske blir kvart år utsette for parasittar med til dels alvorlege helseverknader, særleg i tropiske og subtropiske strøk. Blant utbreidde parasittsjukdommar kan ein nemne malaria, schistosomiasis, sovesjuke, elefantsjuke (elefantiasis) og elveblindskap.

Parasittisme hos plantar

Hos plantar skil ein mellom halv- og heilparasittar. Halvparasittar har klorofyll (bladgrønt) og syg opp anorganisk materiale frå vertsplanten, men produserer sjølve dei organiske stoffa sine. Heilparasittar manglar klorofyll og tek opp alle næringsstoff direkte frå vertsplanten. Sjå også snylteplantar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg