Omvendt proporsjonal er eit matematisk omgrep som viser til at ein storleik blir større når ein annan blir mindre, og omvendt.

Meir presist er to matematiske storleikar x og y omvendt proporsjonale dersom dei varierer samtidig på ein slik måte at y = k/x, der k er konstant. Dette kan vi òg skrive som yx = k. Då vil x bli større når y blir mindre, og omvendt.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg