Omnivorar er det same som altetande dyr, det vil seia dyr som får næring ved å eta både planter og dyr.
Husmus, kråke, brunbjørn, kongekrabbe og menneske er døme på omnivorar. I næringsnett opptrer omnivorar både som primærkonsumentar og sekundærkonsumentar. Omnivorar står i motsetning til herbivorar (planteetarar) og karnivorar (kjøtetarar).
Kommentarer
Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logget inn for å kommentere.