Oktoberfestparade
Under oktoberfesten kler folk seg i bayerske folkedrakter og går i tog i gatene. Foto frå eit tog i München under oktoberfesten i 2006.
Oktoberfest
Under oktoberfesten serverast det øl i store øltelt, dei største med plass til ti tusen personar.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Oktoberfesten er ei tovekers årleg tilstelling som går føre seg i München i den tyske delstaten Bayern. Tradisjonen går tilbake til oktober 1810, då kronprinsen av Bayern, Ludvig, gifta seg. For å feire bryllaupet baud han innbyggarane i München på hesteveddelaup på Theresienwiese, og 40 000 møtte fram. Etter 1810 er oktoberfesten blitt gjenskapt kvart år, unnateke i tider med krig, kolera og korona. Frå slutten av 1990-åra ligg talet på festdeltakarar i München på seks millionar, og er med det verdas største folkefest.

Faktaboks

Uttale
oktˈoberfesten

Tyske utvandrarar laga oktoberfestar i land dei slo seg ned i, fyrst i andre europeiske land og USA, og i dag finst det oktoberfestar over heile verda.

Tradisjon og endring

Oktoberfest
Mann i tradisjonelle klær med hestar pynta til oktoberfestparade.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Mange av kjenneteikna ved oktoberfesten er dei same som på 1800-talet. Folk kler seg i bayerske folkedrakter og går i tog i gatene. Kafeane serverer øl og tradisjonsmat, og jodling og hornorkester sørgjer for musikk. Theresienwiese i München er framleis sentrum for festen, men tradisjonen med hesteveddelaup vart avvikla i 1960.

Dei første åra gjekk oktoberfesten over to dagar, i 1829 vart han utvida til to veker. I 1905 vart startpunktet for festen framskunda til tredje helga i september. Formålet var å få i gang feiringa medan det framleis er sommarver. I snitt varer oktoberfesten i 16 dagar.

Oktoberfesten har frå starten av vore viktig for næringslivet. På byrjinga av 1800-talet arrangerte bondeorganisasjonar fesjå og utstillingar av landbruksmaskinar, på slutten av 1800-talet kom bryggeria og dei første øltelta. På 2000-talet rommar dei største telta inn til 10 000 gjestar.

Oktoberfest utanom München

Oktoberfesten i 1810 hadde eit politisk siktepunkt. Kongedømet Bayern var berre fire år gamalt, og for den komande kongen galdt det å byggje opp nasjonalkjensla. Andre tyske byar hadde folkefestar knytt til fleire hundre år gamle marknadstradisjonar. Etter kvart har dei smelta saman med tradisjonar frå oktoberfesten.

Tyske utvandrarar laga oktoberfestar i land dei slo seg ned i. Den første amerikanske oktoberfesten fann stad i New York i 1874. Hundre år seinare var oktoberfesten i Cincinnati den største i USA. Etter USA har oktoberfesten spreidd seg til alle kontinent. Ved tusenårsskiftet vart det registrert 2000 små og store festar verda rundt.

Kina lanserte sin oktoberfest i Qingdao i 2009. Han vart fort den neststørste i verda, etter München. Til Noreg kom oktoberfesten i 2000. Både byar og tettstader har fanga opp den bayerske festtradisjonen. Felles for festane er at dei tar utgangspunkt i bayersk kultur, men festane har ulik grad av lokal tilpassing og liknar i varierande grad på den originale oktoberfesten.

Oktoberfesten som merkevare

Oktoberfest
Ei ung kvinne i bayersk folkedrakt serverar øl under oktoberfesten.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Etter kvart som talet på oktoberfestar i inn- og utland auka, byrja handelsstand og politikarar i München å mislike at kulturelle særtrekk ved oktoberfesten vart brukt av kven som helst, kvar som helst for kommersielle formål. Bystyret klaga saka inn for EU, og i 2021 fekk dei medhald. Sidan har oktoberfesten hatt juridisk status som immateriell kulturarv. Det tyder mellom anna at eigennamn og produktnamn frå Bayern ikkje kan nyttast andre stader. Vernet gjeld førebels til 2026.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg