Faktaboks

norn
Etymologi
samantrekking av norrønt norrǿnn ‘norrøn’
Språkkodar
nrn (NRN)
ISO-639:3
nrn

Norn er eit namn på det norrøne språket som var i bruk på Shetland, Orknøyane og truleg område som Hebridane og delar av det skotske fastlandet, frå 800-talet til kring 1800.

Norrønt språk på øyane i vest

Ein veit ikkje sikkert når norrønt byrja å ta over for språk som vart snakka i desse områda frå før, men det er nærliggande å tru at det skjedde gradvis frå 800-talet, då dei første nordbuarane busette seg der. I ei oghaminnskrift på ein stein frå Bressay på Shetland, frå tiåra kring 900, er språket ei blanding av piktisk-gælisk språk og norrønt.

Desse språka kan ha sameksistert ei stund, men Historia Norwegie frå 1150–1200 gjev inntrykk av at den innfødde befolkninga på Orknøyane på den tida hadde vore borte i lang tid.

Norrønt ser ut til å ha vore det dominerande språket i dei følgjande hundreåra, men i seinmellomalderen gjorde Skottland seg gjeldande politisk i aukande grad, fram til øyane kom under skotsk styring på 1460-talet, og dermed også språkleg.

Det finst få kjelder til norrønt språk herifrå i denne perioden. Det finst ein del runeinnskrifter, og det er bevart diplom frå 1300- til 1500-talet. Språket i desse tekstane er ikkje særleg annleis enn tilsvarande tekstar i Noreg, og det er vanskeleg å sjå trekk som peikar mot norn.

Dette gjeld også tekstar som truleg kjem frå Orknøyane, men som vi berre kjenner frå islandske avskrifter, som skaldedikta Krákumál, Jómsvíkingadrápa og Málsháttakvæði.

Kjeldene til norn

Norn kjem stort sett ikkje til syne før ein byrja å skrive ned etter munnlege kjelder på 1700-talet. Hovudkjeldene er:

  • eit fadervår frå Orknøyane trykt i 1700, og
  • eit fadervår, det gamle Hildinakvadet og ei liste med tretti ord, samla på øya Foula på Shetland i 1774.

I tillegg er det nokre få, sporadiske attgjevingar av einskilde ord og frasar, det meste skrive ned i tida etter at språket var borte; men vi har éi frase frå ei kjelde kring 1550: goand da boundæ (norrønt góðan dag, bóndi, 'god dag, bonde').

Det meste vi kjenner av norn i samtidige kjelder kjem altså frå éi nedskriving frå Foula.

Kjenneteikn

Av kjeldene kan vi sjå at det har skjedd ei stor utvikling frå det norrøne språket. Hovudtrekka er:

  1. p, t og k har gått over til b, d og g, til dømes taga for taka 'ta' og Kadanes for Katanes 'Caithness'
  2. rn og nn har gått over til dn, til dømes hedne 'henne',
  3. ll har gått over til dl, til dømes idlu 'ille' (dativ) og vadlin 'vollen' (akkusativ)
  4. g-innskot – «skjerping» av vokalsamanstøyt, til dømes det at norrønt sjór 'sjø' blir til færøysk sjógvur; sheug er registrert i norn
  5. m blir til n i endingar (norrønt honum 'han' blir til norn honon
  6. þ blir til h i nokre demonstrativ og adverb (norrønt þetta 'dette' blir til norn (h)ita)
  7. diftongering av norrønt á til norn i enkelte (men ikkje alle) ord
  8. forenkling av bøyingssystemet, spesielt av verb, og byrjande oppløysing av kasusa
  9. dei personlege pronomena: ek 'eg' har blitt til jak, jag og a, vér har blitt til vi, og þér 'de' og þit 'de to' har blitt til di

Ein del av desse trekka har norn sams med færøysk, og i noko, til dømes pronomenet jak/jag, ser vi den same svenske og danske påverknaden som i norsk i seinmellomalderen.

Norn døyr ut

Ein veit at norn døydde ut på Orknøyane og Shetland seinast kring 1800, og i dei andre områda truleg ein del tidlegare. (Den færøyske filologen Jakob Jakobsen hadde høyrt om folk som kunne snakke norn etter 1850, men feste ikkje stor lit til opplysningane.)

Ei stor mengd skottar kom til språkområda for norn i seinmellomalderen. Det er få kjelder, men skottar og den norrøne befolkninga ser ut til å ha levd fredeleg saman, og ein trur no at det har vore eit fleirspråkleg samfunn frå 1400-talet av, der skotsk gradvis tok over og vart dominerande etter kvart.

Norn lever framleis i enkeltord som er tekne opp i angloskotsk og gælisk, særleg i stadnamn. Sheltie, til dømes, som er eit namn på shetlandshest eller shetlandshund, er ei norn-form for norrønt hjalti 'hjaltlending' (etter det norrøne namnet på Shetland, Hjaltland).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Barnes, Michael 1998. The Norn Language of Orkney and Shetland. Lerwick: The Shetland Times.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg