Nordiske språk
Nordiske språk
Nordiske språk
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Austnordisk og vestnordisk
Det har tradisjonelt vore vanleg å dele inn nordiske språk i austnordisk (svensk og dansk) og vestnordisk (norsk, islandsk, færøysk). Nokre plasserer bokmål i austnordisk. I praksis har bokmål og nynorsk påverka kvarandre så mykje at norsk ligg i ein midtposisjon.
Austnordisk og vestnordisk
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Øynordisk og skandinavisk
Ei langt meir allmenn inndeling av dei nordiske språka er i øynordisk (islandsk og færøysk) og skandinavisk (norsk, svensk, dansk). Kvar av desse gruppene er gjensidig forståelege.
Øynordisk og skandinavisk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Nordiske språk, eller nordgermanske språk, er språk som blir snakka i dei nordiske landa, og som høyrer til den germanske greina av dei indoeuropeiske språka. Rundt 20 millionar snakkar nordiske språk (2019).

Faktaboks

Også kjend som

skandinaviske språk

Nordiske språk blir ofte delte inn i to språkhistoriske grupper:

  1. austnordisk, som omfattar dansk og svensk (med finlandssvensk), av og til også bokmål
  2. vestnordisk, som omfattar norsk (nynorsk og som regel bokmål), islandsk og færøysk

Ei meir allmenn inndeling er etter kva språk som er gjensidig forståelege:

  1. skandinaviske språk, som omfattar norsk (både bokmål og nynorsk), svensk og dansk
  2. øynordiske språk, som omfattar islandsk og færøysk

Språkhistorie

Den eldste forma av nordiske språk blir kalla urnordisk, eit fellesspråk med visse dialektskilje. Overgangen til særskilde nasjonalspråk skjedde i løpet av vikingtida, då dei nordiske nasjonalstatane blei danna. På same tid fekk nordiske språk gjennom vikingtog, handel og kolonisering utbreiing i nordsjølanda (Irland, Skottland med øyane i nord, England, Normandie i Frankrike), til dels under namnet «dansk tunge», og langs austersjøkysten og i Russland (Kiev, Novgorod). Via Grønland blei det også reist busetjingar i enkelte kyststrok på det nordamerikanske kontinentet.

Med unntak av Island og Færøyane, og nornOrknøyane og Shetland, varte ikkje denne innverknaden ut over mellomalderen. Men han kan studerast i stadnamn og lånord, særleg i engelsk – til dømes er law (lov) av nordisk opphav. På 1800- og 1900-talet var nordiske språk i utbreidd bruk blant nordiske emigrantar, særleg i USA, men gjekk der sterkt tilbake i samband med ei patriotisk bølgje omkring første verdskrigen.

Blant viktige trekk som skil dei nordiske språka frå andre germanske språk, er s-bøying av verb (eldre -sk, -st, det siste enno i nynorsk) for å karakterisere passiv eller refleksiv, sjeldnare resiprok (til dømes møtest) og deponens (til dømes ferdast), vidare etterhengd artikkel i substantiv og ei sterkare gjennomføring av ulike omlydsfenomen.

Nordisk rettskriving

Tanken om ei nordisk rettskriving var eit utslag av skandinavismen på 1800-talet. I 1869 blei det halde eit nordisk rettskrivingsmøte i Stockholm, der språkfolk, skulefolk og forfattarar drøfta moglege reformer som kunne fjerne unødige skilnader mellom dansk, norsk og svensk. På møtet deltok Henrik Ibsen, Knud Knudsen og Jacob Løkke frå Noreg. Møtet vedtok fleire endringar som mellom anna Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson tok i bruk. Sidan er fleire av dei tekne opp i offisiell rettskriving, til dømes å for aa.

Allereie Ivar Aasen jamførte norsk ordtilfang med svensk og stilte opp mange døme på eit fellesskap som han tok eit visst omsyn til i arbeidet med å forme ut landsmålet. Før han hadde Henrik Wergeland vore inne på det same og teke opp enkelte svenske ord som han fann uttrykksfulle. I mellomkrigstida tok foreiningane Norden opp tanken om nordisk språksamarbeid.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman: Våre arveord: etymologisk ordbok. Oslo: Instituttet for sammenlignende kulturforskning, 2019.
  • Allan Karker, Birgitta Lindgren og Ståle Løland (red.): Nordens språk. Oslo: Novus, 1997. Les boka på nb.no

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg