Nisje er innanfor økologi den rolla som ein art har i naturen, og korleis arten passar inn blant andre artar i økosystemet. Nisjen til ein art består mellom anna av kvar han lever, kva han et, kva temperaturar han toler, kor mykje lys og vatn han treng, kva mineral han treng, og liknande.

Faktaboks

Uttale
nˈisje
Etymologi
av fransk ‘byggja reir’

Breie og smale nisjar

Nokre artar har breie økologiske nisjar og kan eksistera under mange forhold, andre er spesialistar med smale nisjar. Til dømes har kråka ein brei nisje og kan leva i mange ulike område med ulikt habitat, temperatur og mattilgang, medan den smale nisjen til raudmøkmose gjer at han veks for det meste på avføring frå elg. I praksis er det nærast umogleg å beskriva nisjen til ein art fullstendig, sidan det er så mange faktorar som inngår.

Fundamental og realisert nisje

Ein skil mellom fundamental og realisert nisje. Den fundamentale nisjen til ein art er alle miljøfaktorane som lèt arten overleva og reprodusera seg, og alle ressursane han kan utnytta. Den realiserte nisjen er den delen av den fundamentale nisjen som arten faktisk utnyttar. Den realiserte nisjen er vanlegvis snevrare enn den fundamentale, fordi artar blir ekskluderte frå delar av den fundamentale nisjen sin av éin eller fleire konkurrerande artar.

Derimot kan artar med overlappande (men ikkje heilt like) fundamentale nisjar sameksistera gjennom å ha ulike realiserte nisjar. Til dømes kan furu stort sett trivast overalt der gran trivst (dei fundamentale nisjane deira overlappar), men fordi gran er meir konkurransesterk, er den realiserte nisjen til furua dei ekstra tørre og fuktige habitata der gran ikkje trivst.

Konkurranse

To artar som har nøyaktig same økologiske nisje, vil konkurrera. Dei kan ifølgje Gauses regel ikkje sameksistera på ein stabil måte. Det vil seia at før eller sidan vil den eine arten utkonkurrera den andre.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg