Næringsnett (teikning)

I eit næringsnett inngår det gjerne mange organismar som er gjensidig avhengige av kvarandre. Teikninga viser eit forenkla næringsnett i Barentshavet. Dei enkle pilene peikar frå organismen som blir eten, til organismen som et han. Mange har ein variert meny, til dømes et sel både dyreplankton, polartorsk, lodde og torsk, mens dyreplanktonet blir ete av både sel, lodde, polartorsk, fugl og reker. Denne «veven» av organismar som et og blir etne, blir kalla eit næringsnett.

Av /Store norske leksikon ※.

Næringsnett er ein modell som viser samanhengen mellom ulike organismar i eit økosystem.

I motsetning til ei næringskjede, som er eit lineært system der kvar art blir eten av ein annan art, viser næringsnettet eit komplekst nettverk av kven som et kven i eit bestemt økosystem. Kvar art blir ikkje berre eten av éin annan art, som næringskjeda viser, men av fleire artar, og kvar av desse artane et fleire andre. Artane deltek i fleire næringskjeder, og ein og same art kan vere konsument på ulike nivå.

Næringsnettet viser korleis dei ulike næringskjedene er kopla saman. Mens næringskjeder gir eit forenkla bilete av korleis ulike artar heng saman, prøver næringsnettet å gi eit meir fullstendig bilete.

Næringskjeder og næringsnett

Kvart nivå i eit næringsnett eller ei næringskjede blir kalla for eit trofisk nivå.

Eit næringsnett startar alltid med ein plante. Plantar dannar næring (karbohydrat) gjennom fotosyntese, og blir derfor kalla produsentar. Dei som et plantane, blir kalla konsumentar eller forbrukarar.

Det finst fleire nivå av konsumentar. Ein hare er ein primærkonsument, ettersom han berre et materiale frå produsentar. Reven, som et haren, er derimot ein sekundærkonsument. Reven kan igjen bli eten av ei kongeørn, som då blir ein tertiærkonsument.

Sett opp i ei slik rekkjefølge utgjer det ei næringskjede:

gras (produsent) – hare (primærkonsument) – rev (sekundærkonsument) – kongeørn (tertiærkonsument)

Men kongeørna kan ete både reven og haren. Viss ho et haren, blir ho rekna som ein sekundærkonsument. Og reven et ikkje berre hare, men kan også ta fuglar, mus, lemen eller andre smådyr. Desse kan også bli etne av andre dyr. Viss ein teiknar inn alle desse sambanda, får ein til slutt eit komplekst nettverk av linjer. Det er dette som er eit næringsnett.

Nedbrytarar i næringsnettet

Eit anna viktig ledd i eit næringsnett, i tillegg til produsentar og konsumentar, er nedbrytarar (til dømes sopp, makk, insekt og bakteriar). Nedbrytarar bryt ned byggestoffa i døde plantar og dyr, slik at dei kan brukast igjen.

Når nedbrytarar blir tekne med i næringsnettet, aukar kompleksiteten ytterlegare. Eit insekt kan både vere med på å bryte ned ein død tertiærkonsument, og så bli eten av ein primærkonsument.

Slik oppstår det ein sirkel i næringsnettet. Det einaste som er igjen etter nedbrytarane, er stoff utan energi, altså vatn, CO2 og andre uorganiske stoff.

Endringar i næringsnettet

Næringsnett er veldig komplekse, og totalkunnskap om næringsnettet finst knapt for noko økosystem. Det er også mykje uvisse rundt kor viktige enkeltartar og nøkkelartar er, og kor store endringar i næringsnettet eit økosystem toler før det blir ustabilt.

Før trudde ein at jo meir samanfletta eit slikt næringsnett er, jo mindre sårbart vil systemet (det vil seie næringsnettet) vere for utrydding av enkeltartar. Teoretisk arbeid i 1970-åra tydde derimot på det motsette. Nyare teoretiske og empiriske arbeid viser at det truleg ikkje er nokon enkel samanheng mellom kompleksiteten i næringsnettet og kor stabilt det er.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Wasurat Choosun

Hvorfor kan det være nyttig å bruke næringsnett når økosystemer skal studeres?

svarte Aline Magdalena Lee

Næringsnett gjev ei god oppsummering av den biotiske delen av eit økosystem og korleis organismane påverkar ein annan. Det er oftast vanskeleg å laga eit næringsnett som omfattar alle artane i eit økosystem, men ved å studera avgrensa næringsnett som berre omfattar ein del av artane kan ein likevel læra mykje om korleis den biotiske delen av økosystemet fungerer og moglege effektar av endringar (til dømes kva som skjer om ein haustar ned ein av artane). Les gjerne og artiklane om økosystem, nøkkelartar og næringskjede for meir informasjon.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg