Næringskjede (teikning)

Næringskjeder er kopla saman til meir kompliserte næringsnett der det gjerne inngår mange organismar som er gjensidig avhengige av kvarandre. Teikninga viser eit forenkla næringsnett i Barentshavet. Dei enkle pilene peikar frå organismen som blir eten, til organismen som et han. Mange har ein variert meny, til dømes et sel både dyreplankton, polartorsk, lodde og torsk, mens dyreplanktonet blir ete av både sel, lodde, polartorsk, fugl og reker. Planteplankton–dyreplankton–polartorsk–sel er då ei av mange næringskjeder som inngår i dette næringsnettet.

Av /Store norske leksikon ※.

Ei næringskjede er ein serie organismar eller artar der kvar art vil ete arten som ligg under han i næringskjeda, og sjølv blir eten av arten som ligg over. Næringskjeda viser dermed korleis organisk stoff og energi passerer frå éin organisme til ein annan i eit økosystem.

Næringskjeder er kopla saman i meir kompliserte næringsnett ved at artar ofte kan ete fleire enn éin annan art, og også kan bli etne av fleire andre artar.

Frå produsent til konsument

Beitekjede

Når vi snakkar om næringskjeder, meiner vi vanlegvis ei beitekjede. Nedst i ei beitekjede finn vi ein produsent, det vil seie ein plante eller alge som utnyttar solenergien til å produsere organisk materiale gjennom fotosyntese. Denne produsenten blir eten av eit planteetande dyr, ein primærkonsument. Primærkonsumenten blir vidare eten av eit rovdyr, ein sekundærkonsument. Sekundærkonsumenten kan igjen etast av ein tertiærkonsument, og så vidare.

Når fleire organismar er på same nivå i næringskjeda, heiter det at dei er på same trofiske nivå. Det øvste leddet i ei næringskjede blir gjerne kalla ein toppredator.

Ei beitekjede kan eksempelvis bestå av:

Nedbrytarkjede

I tillegg til beitekjeder kan vi snakke om nedbrytarkjeder (eller detrituskjeder), der organismar blir brotne ned av nedbrytarar (eller dekomponentar) som mikroorganismar og smådyr. Nedbrytarkjeda kan tilføre energi og organisk materiale tilbake til ei beitekjede, til dømes ved at ein meitemakk som eter døde plante- og dyrerestar sjøl blir eten av ein fugl, men mykje av energien blir her frigjort i form av varme, mens organiske stoff blir brotne ned til enkle uorganiske stoff som igjen kan takast i bruk av produsentane.

Hav og land

I havet går mesteparten av energien (60–70 prosent) gjennom beitekjeda, men på land går vanlegvis opptil 90 prosent gjennom nedbrytarkjeda. I havet blir minst 30–50 prosent av den totale primærproduksjonen utført av sekundære produsentar, det vil seie bakteriar som bruker organisk materiale som lek ut av planteplankton (sjå mikrobielt næringsnett). Det er usikkert kor nært det mikrobielle næringsnettet er kopla til beitekjeda.

Næringspyramide

Næringskjede (teikning, næringspyramide)

Næringskjede. Næringspyramiden viser at 90 % av energien går tapt på kvart trofiske nivå i ei næringskjede. Ein får altså relativt sett langt meir energi ved å ete ein organisme frå eit lågt trofisk nivå enn ein organisme frå eit høgt trofisk nivå. Sjå artikkelteksten for nærare forklaring.

Av /Store norske leksikon ※.

Organiske og uorganiske stoff vandrar gjennom næringskjedene, og gjennom nedbrytarane blir stoffa igjen tilgjengelege for produsentane.

Energi går tapt for kvart ledd i næringskjeda. Det gjer at berre ein brøkdel av det som blir produsert, når heilt opp til ein sekundær- eller tertiærkonsument. Ikkje alt som blir produsert, blir ete og dermed teke opp i neste ledd, og ikkje alt som blir ete, blir utnytta av konsumenten, ettersom ufordøydde restar blir skilde ut som avføring (ekskrement) for så å førast tilbake til nedbrytarane. Av det som blir utnytta, blir mykje brukt til anding og derfor ikkje lagra som kroppsmasse som kan utnyttast av neste ledd i næringskjeda.

Grovt sett kan ein seie at for kvart ledd i næringskjeda eller næringsnettet går om lag 90 prosent av energien «tapt». Det betyr at 1000 kilo planteplankton kan gi omtrent 100 kilo raudåte, som kan gi 10 kilo kril, som kan gi 1 kilo lodde, som igjen kan gi 0,1 kilo torsk.

Om ein reknar i biomasse, får ein derfor ein næringspyramide som er breiast nedst (produsentane) og smal øvst (toppredatorar). Dette set ei øvre grense for kor lange næringskjeder kan vere. Dei fleste næringskjeder er likevel kortare enn det som hadde vore mogleg ut frå eit energisynspunkt (3–4 ledd).

Energitapet oppover i næringskjeda betyr også at det frå eit energisynspunkt er mest rasjonelt å skaffe seg mat lengst mogleg ned i næringspyramiden, til dømes ved å ete fisken direkte i staden for å male han opp til dyrefôr. Frå dømet ovanfor kan vi seie at ein får meir igjen for å ete 1 kilo lodde enn 0,1 kilo torsk.

Opphoping av miljøgifter

Ein annan konsekvens av korleis næringspyramiden fungerer, er at konsentrasjonar av stoff som ikkje blir brotne ned i eller skilde ut av organismen (til dømes tungmetall og andre miljøgifter), vil auke oppover i næringskjeda. Sidan organismar høgt oppe i næringskjeda må ete mange gonger si eiga vekt for å få nok energi, vil slike stoff samle seg opp (akkumulerast) i desse organismane. Konsentrasjonane kan då bli så høge at det blir skadeleg.

Til dømes har det blitt påvist høge konsentrasjonar av ulike miljøgifter hos isbjørn, som er ein toppredator i den marine næringskjeda i Arktis. Konsentrasjonen av miljøgifter i isbjørn har negative konsekvensar for hormon-, vitamin-, enzym-, og immunsystemet til bjørnane.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg