Modus er opphavleg ein grammatisk kategori ved verbet i gamalgresk og latin som uttrykkjer korleis den som snakkar eller skriv, brukar og stiller seg til innhaldet i ei setning: Er det til dømes ei oppmoding, ein ordre, ein påstand eller eit ønske?

Faktaboks

Uttale
mˈodus
Etymologi
latin ‘måte’; fleirtal modi eller modusar

Modus kan då seiast å uttrykkje ulike kommunikative funksjonar, som i desse norske setningane:

  • Påstand: Maten står på bordet. — Jamfør modusen indikativ.
  • Ordre: Et opp maten din! — Jamfør modusen imperativ.
  • Oppmoding: La oss alle be. — Jamfør modusen konjunktiv.
  • Ønske: Gjev eg var i eit varmare land! — Jamfør modusen optativ.

Gamalgreske modusar

Det gamalgreske ordet for modus er énklisis (ἔγκλισις), som eigentleg tyder 'bøying, helling'. Ordet énklisis fortel med andre ord ingenting om tydinga til modus, berre at det er eit sett med bøyingsformer. Gamalgresk har fire modusar. Dei greske namna fortel noko om kva dei uttrykkjer i hovudsetningar:

  • indikativhoristikḗ (ὁριστική) 'for å fastsetje, definere'. Brukt ved påstand.
  • imperativprostaktikḗ (προστακτική) 'for å kommandere'. Brukt ved ordre.
  • subjunktiv (konjunktiv) — hupotaktikḗ (ὑποτακτική) 'for å leggje til under'. Brukt ved oppmoding.
  • optativeuktikḗ (εὐκτική) euktikḗ 'for å ønskje'. Brukt ved ønske.

Konjunktiven blir òg nytta i leddsetningar, med tydingar som ikkje har noko med modus å gjere, som hensikt (føremål) og noko tenkt.

Latinske modusar

Det latinske ordet for modus er nettopp modus (fleirtal modī), som eigentleg tyder 'måte'. Latin har tre modusar, her òg med dei latinske namna, som er laga etter gresk mønster:

  • indikativ — indicātīvus, av indicāre 'fastsetje, kunngjere'
  • imperativ — imperātīvus, av imperāre 'gje ordre'
  • subjunktiv (konjunktiv) — subiūnctīvus, av subiungere 'knyte/leggje til under'

Latinsk subjunktiv (konjunktiv) er eit samanfall med to eldre indoeuropeiske modusar, subjunktiv og optativ, som framleis fanst i gamalgresk. Bruksmåtane til latinsk subjunktiv omfattar då òg tydinngane til dei to greske modusane.

Norske modusar

Moderne norsk har stort sett berre to modusar, indikativ og imperativ, pluss nokre faste uttrykk med former med optativ tyding:

  • Indikativ: Maten står på bordet. Ola datt i bekken.
  • Imperativ: Et opp maten din! Kom ned frå taket!
  • Optativ: Leve kongen! Gud bevare fedrelandet!

Optativformene endar på -e, og er på nynorsk forskjellige frå infinitiven, som også kan ende på -a. Det går ikkje an å seie «Kongen leva!».

Nordsamiske modusar

Nordsamisk og andre samiske språk har eit meir omfattande modussystem enn dei fleste andre språk i Europa. Framstillinga her er avgrensa til bruken i hovudsetningar:

  • Indikativ — den allmenn, nøytrale utsegnsmåten
    • mánná gahčai johkii 'ungen datt i elva'
  • Potensialis — om det ein ikkje er sikker på
    • ležžet go dal das nu ollu ruđat? 'har han verkeleg så mykje pengar?'
  • Kondisjonalis — om noko ein tenkjer eller førestiller seg og som ikkje er verkeleg
    • heargi livččii gal geassán mu bajás 'køyrereinen ville nok ha drege meg opp'
  • Imperativ — finst i både 1., 2. og 3. person med fleire ulike tydingar:
    • 1. person — i eintal om å tenkje høgt om det ein skal eller vil gjere; i total og fleirtal om oppmoding eller framlegg
      • bohton dal mun ge dan govvii! 'eg kan da vel også bli med på biletet!'
      • na de vuolgu! 'lat oss kome oss av garde!'
    • 2. person — oppmoding, befaling
      • mana ruoktot! ' heim!'
    • 3. person — oppmoding, ønske, vedgåing, løyve
      • bohtos du riika! 'lat riket ditt koma!'
      • lehkos dal dainna nu go lea! 'lat det no vere som det er!'

Modus i moderne lingvistikk

Nokre moderne lingvistar, som britisk-australske Robert Malcolm Ward Dixon (1939–), har presentert ein snevrare og meir presis definisjon av modus i trebandsverket Basic Linguistic Theory (2010–2012):

  • Modus er eit grammatisk system som viser til den pragmatiske funksjonen til ei setning og omfattar:
    • indikativ (for ei utsegn)
    • interrogativ (for eit spørsmål)
    • imperativ (for ein ordre)

Mykje av det som tradisjonelt har blitt rekna til kategorien modus, definerer Dixon som modalitet, ein term han definerer slik:

  • Modalitet er eit sett med val (innanfor irrealis) som viser til nokre sider ved futurum.

Gresk subjunktiv/konjunktiv og optativ, latinsk subjunktiv/konjunktiv, norsk optativ og nordsamisk potensialis og kondisjonalis er modalitetar ifølgje Dixon.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg