Medium er ei bøying av verbet som uttrykkjer at nokon utfører ei handling på seg sjølv eller i eiga interesse. Her er to eksempel:

Faktaboks

Uttale
mˈedium
Etymologi
latin medium 'midten’
  • gamalgresk loúomai (λούομαι) 'eg vaskar meg'
  • fulfulde mi lootake 'eg vaska meg'.

På norsk uttrykkjer vi denne tydinga med refleksive pronomen, som i setninga Ho vaskar seg. I språk med medium har dei eitt ord som svarer til vaskar seg.

For å skilje mellom medium om handling ein utfører på seg sjølv om handlingar ein utfører i eiga interesse, blir det første kalla direkte refleksiv tyding og det andre indirekte refleksiv tyding. Dette skiljet kjem òg fram i bruken av norske refleksive pronomen:

  • Direkte refleksiv: Eg vaskar meg.
  • Indirekte refleksiv: Eg skal rulle meg ein røyk.

Aktiv, passiv og medium utgjer til saman den grammatiske kategorien diatese, her illustrert med infinitiv av verbet som tyder 'vaske' i fulfulde:

  • Aktiv: lootugo 'å vaske'
  • Passiv: looteego 'å bli vaska'
  • Medium: lootaago 'å vaske seg'

Medium i indoeuropeiske språk

I indoeuropeiske språk er medium best bevart i sanskrit og gamalgresk.

Gamalgresk

Her er nokre eksempel frå gamalgresk:

  • aktiv: loúō (λούω) 'eg vaskar (ein annan)'
  • medium: loúomai (λούομαι) 'eg vaskar meg'
  • aktiv: phuláttō (φυλάττω) 'eg passar på'
  • medium: phuláttomai (φυλάττομαι) 'eg passar meg for'

Gamalgresk brukar har òg indirtekte refleksiv medium:

  • apò oluréōn poieûntaisitía (ἀπὸ ὀλυρέων ποιεῦνται σιτία)
    • 'av spelt (apò oluréōn) lagar dei seg mat (sitía)'

Medium-former av greske verb har ofte passiv tyding.

Sanskrit

Tydinga til medium i sanskrit er indirekte refleksiv. Skilnaden mellom aktiv og medium kjem fram i desse setningane:

  • देवदत्त ओदनं पचति।Devadatta odanaṃ pacati. 'Devadatta kokar ris.'
  • देवदत्त ओदनं पचते।Devadatta odanaṃ pacate. 'Devadatta kokar seg ris.' (kokar for seg sjølv)

Afrikanske språk

Det vestafrikanske språket fulfulde (fulani), som høyrer til nigerkongo-familien, skil konsekvent mellom aktiv, passiv og medium. Her er eksempel på setningar med lootii (aktiv), lootaama (passiv) og lootake (medium), perfektive former av verbet lootugo 'å vaske':

  • aktiv: Daada lootii ɓinngel 'Mora (daada) vaska (lootii) ungen (ɓinngel)'
  • passiv: Ɓinngel lootaama 'Ungen (ɓinngel) blei vaska (lootaama)'
  • medium: Daada lootake 'Mora (daada) vaska seg (lootake)'

Medium i nordsamisk

Nordsamisk har, som andre samiske språk, eit omfattande avleiingssystem, og mange verb har medium-former, som i samisk grammatikk blir kalla refleksive former:

  • bassat 'vaske' ⇨ basadit 'vaske seg'
  • nuollat 'kle av' ⇨ nuoladit 'kle av seg'
  • čuoggut 'stikke' ⇨ čukkodit 'stikke seg'

Meir om tydinga til medium

I mange språk har verbet medium-form for å uttrykkje endring av posisjon eller endring av tilstand, det vil seie rørsle eller overgang frå ein fysisk eller mental tilstand til ein annan, på same måte som norsk – i motsetnad til mellom anna engelsk – uttrykkjer slike tydingar med refleksivt pronomen, som flytte seg, setje seg, ombestemme seg.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg