Calluna vulgaris, røsslyng
Røsslyng er ein av dei vanlegaste lyngplantane våre.
Arctostaphylos uva-ursi, mjølbær i blom
Blomane hos mjølbær viser den karakteristiske klokkeforma.

Lyng er eit fellesnamn for mange planteartar i lyngfamilien, i vidare meining også plantar av andre familiar.

Lyngartane er småbuskar, dei fleste har vintergrøne blad, medan andre, som blåbærlyng og blokkebærlyng, feller blada om hausten. Blada er ofte lêraktige eller nålforma. Blomane er små, men gjerne med sterke og vakre fargar. Fruktene er bær, kapslar eller steinfrukter.

Plantane er nøysame. Dei veks gjerne på tørr og skrinn jord og på vêrharde stader til langt opp på fjellet og ut mot kysten. På lyngheiar er det mest røsslyngen som dominerer. Bærlyngartane blåbær, blokkebær og tyttebær har hovudutbreiinga si i skogen. Andre viktige og vanlege artar er klokkelyng, kvitlyng, mjølbær og rypebær. Svært hardføre er greplyng og krekling.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg