Liturgi er i kristendommen er liturgi forskriftene for gudstenesta i kyrkja, særleg tenesta ved alteret.

Faktaboks

Uttale
liturgˈi
Etymologi
av gresk ‘offentleg teneste’

Bakgrunn

I Septuaginta, den eldste greske omsetjinga av Det gamle testamentet / Den hebraiske bibelen, blir omgrepet liturgi brukt om den jødiske tempeltenesta. I den tidlege kristne kyrkja blei omgrepet liturgi brukt om den vanlege nattverdsgudstenesta. Nattverdsgudstenesta inneheldt lesing frå Bibelen, preike, forbønn, innviing av brød og vin (nattverd), utdeling og song.

I tidleg kristendom var det neppe nokon einsarta liturgi, men utviklinga gjekk i retning av stadig større einskap på dette området.

Etter reformasjonen oppstod ulike liturgiar innanfor dei ulike kyrkjesamfunna, men ein kan som oftast finne dei same hovudtrekka hos dei som har ein fast liturgi. Dei felles hovudtrekka er å finne i rekkjefølgja eller ordenen.

I Den norske kyrkja

Fram til 1990 blei liturgien i Den norske kyrkja vedteken av Kongen i statsråd. Frå 1990 blei avgjerdsmakta delegert til Kyrkjemøtet. Den siste gjeldande liturgiske ordninga blei vedteken i 2011. Forskrifter for gudstenester og kyrkjelege handlingar i Den norske kyrkja finst i Gudsteneste for Den norske kyrkja 2011. Den byggjer blant anna på Ny høgmesseliturgi 1977, Gudstenestebok for Den norske kyrkja (2 bind, 1992) og Alterboken 1920.

Gudsteneste for Den norske kyrkja 2011 følgjer den same ordenen som i dei fleste andre kyrkjesamfunn: samlingsdel, orddel med lesing frå Bibelen og preike, forbønn, nattverdsdel og avslutningsdel. Det er gitt ei rekkje valmoglegheiter i liturgien frå 2011. Blant anna kan lokalkyrkjelydane velje kva for ein liturgisk musikk dei ønskjer å bruke i gudstenestene sine, og dei kan formulere ei rekkje bønner sjølve.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg