Haugianarane
Lekmannsrørsla i Noreg gjorde at lekfolk fekk større tilgang til å tale i kyrkjene. Rørsla starta med haugianarane omkring 1800.
Haugianarane
Av .
Hersteld Hervormde Kerk i Nederland

Lekfolk er folk som ikkje er prestevigde. Omgrepet blir særleg brukt om medlemmene i ein kyrkjelyd.

I kristendommen er lekfolk ikkje-geistlege personar, det vil seie personar som ikkje er prestevigde, også kalla verdslege personar. Omgrepet lekfolk blir også brukt om personar som er ufaglærte innan eit fagområde. Derfor blir meddommarar også kalla lekdommarar.

Faktaboks

Også kjend som
lekmann

I kristendom

I tidleg kristendom var lekfolk brukt om dei alminnelege medlemmene i ein kyrkjelyd (meinigheit), og det motsette av klerus.

Skiljet mellom lekfolk og geistlege blir markert ved ordinasjonen. Skiljet blei halde oppe av reformasjonen, men sterkt modifisert ved læra om det alminnelege prestedømmet. Visse funksjonar er likevel framleis reserverte for dei ordinerte prestane.

I Den norske kyrkja

I Den norske kyrkja har mannlege lekfolk hatt tilgang til å tale i kyrkjene sidan 1888, først berre ved gudstenester utanom dei ordinære, frå 1913 også ved dei ordinære. Kvinner fekk først rett til å tale i kyrkjene i 1925, og då utanom ordinære gudstenester.

Sidan 1913 er også nattverd forvalta utanfor kyrkjehuset ved autoriserte lekmenn.

Frå 1974 kan lekfolk også forrette dåp, nattverd og jordfesting i kyrkjelydar som er utan prest, men dette skal gå føre seg under tilsyn av ein prest, til dømes frå ein nabokyrkjelyd. Dette skjedde blant anna på grunn av lekmannsrørsla.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg