Det latinske alfabetet

Det latinske alfabetet er det mest brukte alfabetet i verda, og det blir brukt i mellom anna alle vesteuropeiske språk. Det består av dei same bokstavane som romarane brukte, men med nokre få tillegg. Mange språk bruker dessutan diakritiske teikn og tilleggsbokstavar.

Det latinske alfabetet

Det latinske alfabetet var alfabetet til romarane og det direkte opphavet til dei fleste europeiske språka sine alfabet (bortsett frå det kyrilliske). Det er identisk med mellom anna det norske alfabetet frå A til og med Z.

Faktaboks

Uttale
latˈinsk alfabet

I dag er det latinske alfabetet det mest utbreidde alfabetet i verda.

Opphav og utvikling

Opphavet til det latinske alfabetet er eit vestgresk alfabet som vart innført i Roma og Latium, truleg gjennom etruskisk formidling på 600-talet fvt.

Etter kvart vart det delvis modifisert både i forma og lydverdien til fleire bokstavar. Eit døme er bokstaven F, som i gresk var teikn for lyden w (digamma Ϝ), men som saman med lyden fall bort i dei fleste greske dialektane.

Eit indisium på etruskisk innverknad, sidan dette språket ikkje kjende stemde plosivar, er at C (frå den greske bokstaven for lyden g) i eldre tid stod for både vanleg C (uttalt k og erstatning for det opphavlege K-teiknet, bevart berre i enkelte forkortingar) og G (til dømes den tradisjonelle forkortinga C. for namnet Gaius).

Det eldste latinske alfabetet var slik:

A B C D E F Z H I K L M N O P R S T V X

Etter kvart vart Z, som var overflødig for å skrive latin, teken ut av alfabetet, og G overtok den ledige plassen i bokstavrekkja. Bokstaven G (C med ein ekstra strek) er ein seinare romersk nyskaping kort etter 300 fvt. Bokstaven K vart brukt berre i nokre få ord, til dømes i kalendae, og kunne ofte erstattast med C. i Bokstavane I og V karakteriserte høvesvis både lydane i og j, u og v (forveksling var ikkje mogleg i latin). Dei to siste bokstavane, Y og Z, òg lånte frå gresk, vart sette til i slutten av republikktida og brukte særleg i dei stadig meir talrike greske lånorda.

Det latinske alfabetet kom då til å sjå slik ut i klassisk tid:

A B C D E F G H I K L M N O P Q R S T V X Y Z

Bokstaven W (opphavleg ein ligatur av to V-ar) representerer ei seinare oppfinning som vart teken i bruk i mellomalderen for å skrive germanske språk.

Det var først i renessansen at skiljet mellom I, U for å gje att vokalar og J, V for konsonantar vart etablert.

Dei enkelte bokstavane

Det latinske alfabetet består av bokstavane A–Z.

Les meir om kvar enkelt bokstav:

På norsk er i tillegg tre andre bokstavar (og fleire diakritiske teikn) i bruk:

Sjå òg kategorien for skriftteikn for fleire bokstavar og teikn.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (4)

skreiv Roger Johannessen

Denne artikkelsamlingen er svært mye dårligere enn Wikipedias. Der listes opp hele det greske alfabetet, som mangler helt her. Dere burde da kunnet liste opp hele det latinske alfabetet?

svarte Hanne Gram Simonsen

Ja, feilen her er at det ikke er en lenke til hovedartikkelen Alfabet, der det blant annet er en oversikt over en rekke alfabeter, inkludert det latinske og greske. Fint at du gjorde oss oppmerksom på dette.Vennlig hilsen Hanne Gram Simonsen

skreiv David Olsen

ble bokstavene J og V innført?

svarte Hanne Gram Simonsen

V var en av de "opprinnelige" bokstavene, som du ser av artikkelen,men den sto både for v,u og w. Skillet mellom j og i, og mellom u og v, og i tillegg w, kom i middelalderen. Det står mer om dette under hovedartikkelen alfabet - (vi skal lage en lenke dit).

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg