Glycyrrhiza glabra

Glycyrrhiza glabra, lakrisplante. Foto frå: Hus Randers

Lakrisplante er ein busk i erteblomfamilien. Busken kan bli om lag to meter høg.

Faktaboks

Også kjend som
lakrisrot
Vitskapeleg namn
Glycyrrhiza glabra
Beskriven av
Carl von Linné
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Lakrisplanten har finnete blad, med 9–17 avlange småblad og blåblomstrete klasar i bladhjørna. Blomane er bleiklilla. Fruktene er raudbrune belger med mange frø. Lakris blir vunne ut av røtene og dei fingertjukke jordstenglane. Søtsmaken skriv seg frå stoffet glycyrrhizin, som er cirka 150 gonger søtare enn vanleg sukker.

Planten høyrer heime i middelhavslanda, Aust-Europa og Vest-Asia, og var kjend som medisinplante av grekarane og romarane. Varieteten Glycyrrhiza glabra var. typica blir dyrka, særleg i Sør-Europa.

Bruk

Lakris er også brukt i te.
.

Lakrisrot har lite å seia i matsamanheng og blir først og fremst brukt som smakstilsetning i godteri, konfekt, pastillar, leskedrikker, brennevin og medisinar.

Historie

Lakrisrot er ein av dei eldste medisinplantane vi kjenner til, og har vore i bruk i fleire tusen år. Rota er omtalt i Ebers-papyrusrullane (medisinsk dokument som omhandlar urter frå Det gamle Egypt, om lag 1500 fvt.), og i gamle faraograver frå rundt 1300-talet fvt. er det funne rikeleg med lakrisrot. Det tyder på at planten allereie den gongen var i bruk og rekna som viktig. Også Plinius (Roma, år 25–79 evt.) omtaler planten som eit viktig slimløysande og fordøyingsregulerande middel. Den svenske botanikaren og legen Carl von Linné (1707–1778) meinte planten skulle hjelpe mot astma og gikt.

Lakrisrot blir i dag dyrka i India, Russland og Spania. Stjerneanis har i mange samanhengar utkonkurrert bruken av lakris på grunn av gunstigare pris.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

lakrisplante
Glycyrrhiza glabra
GBIF-ID
2965732

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg