Landskap ved Ojmjakon
Biletet viser skogkledd og noko skoddedekt dalbotn i området rundt Ojmjakon i februar 2013. Ojmjakon er ein av dei kaldaste stadane på jorda kor det er permanent busetting.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Kuldepolar er eit uttrykk som vert nytta om dei kaldaste stadene på jorda sine halvkuler, anten for året, vinteren eller for kaldaste månad.

Fordelinga av land, hav, fjell og innlandsis gjer at dei kaldaste områda ikkje er å finne ved dei geografiske polane, men derimot i Sibir på den nordlege halvkula og i austlege delar av innlandet av Antarktis på den sørlege halvkula. Desse områda er snødekte, ekstremt kalde og tørre. Dei store høgdeforskjellane har stor påverknad på temperaturen og gjer at det kan vere vanskeleg å fastslå eintydige kuldepolar.

Nordlege halvkule

Den nordlege kuldepolen for vinteren finst i Øst-Sibir på cirka 67° N med rundt –50 °C i middeltemperatur på det kaldaste. Her har Verkhojansk og Ojmjakon målt ned i –67,8 °C på det kaldaste, og dette er den lågaste temperaturen som er målt utanfor Antarktis. Verkhojansk har for januar gjennomsnittleg maksimumstemperatur på –45 °C og gjennomsnittleg minimumstemperatur på –51 °C.

Den nordlege kuldepolen for året ligg i den vestlege sektoren av Polhavet med tilgrensande øyer, med cirka –20 °C i årsmiddeltemperatur.

Sørlege halvkule

Den sørlege halvkula er vesentleg kaldare enn den nordlege. For den sørlege halvkula ligg kuldepolen for både vinteren og året i innlandet av Antarktis, i områda rundt den russiske forskningsstasjonen Vostok, på omlag 78° S og 3500 meter over havet. Om vinteren er det her målt ned i –65 °C til –70 °C i middeltemperatur på det kaldaste. Årsmiddel for same stad ligg mellom –55 °C til –60 °C. Her er òg verdas kaldaste temperatur, −89,2 °C, målt.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg