Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum

Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum, krekling. Foto frå: Syöte, Finland

Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum

Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum, krekling. Foto frå: Padjelanta nationalpark, Sverige

Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum

Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum, krekling. Foto frå: Sverige, Kebnats N Saltoluokta

Krekling er ein krypande dvergbusk i lyngfamilien. Buskane blir mellom 5 og 30 centimeter høge.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Empetrum nigrum
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig

Eigenskapar

Krekling er ein dvergbusk med eviggrøne, tjukke og smale blad. Blomane er mørkeraude og lite iaugefallande. Fruktene som blir danna, er blå-svarte steinfrukter med fleire frø. Dei er bitre om hausten, men søtnar etter frost.

Taksonomi

I Noreg har vi to underartar av krekling: storkrekling og fjellkrekling. Storkrekling veks mest i låglandet i Sør-Noreg, er diploid (2n = 26) og har einkjønna blomar (særbu). Fjellkrekling veks over heile landet, og på Svalbard og Jan Mayen, er tetraploid (2n = 52), og har tokjønna blomar (sambu). Genetisk er populasjonaneSvalbard nærare i slekt med populasjonarGrønland og nordlege Russland enn med populasjonar på det norske fastlandet.

Utbreiing

Krekling finst i Europa, Asia og med underartar i Nord-Amerika. I Noreg er krekling vanleg på myr, høgfjell, lyngmark, granskog og furuskog. Artsdatabanken kategoriserer krekling som livskraftig (LC) i raudlista for både Svalbard og fastlandet (2021).

Dyrking og bruk

Blada, til dels også fruktene, er ein viktig del av kosthaldet til rypene om vinteren. På Island og Grønland blir bæra samla til bruk i hushaldet. På slutten av 1100-talet jaga kong Sverre dei tyske vinhandlarane ut av Bergen. Han sette i gang vinproduksjon av norske bær, og nemner spesielt krekling. I Noreg blir det også produsert vin av krekling for sal.

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Art Krekling Empetrum nigrum spp nigrum
Slekt Kreklingslekta Empetrum
Familie Lyngfamilien Ericaceae
Orden Lyngordenen Ericales
Klasse Tofrøblada plantar Dicotyledoneae
Rekkje Dekkfrøa plantar Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

krekling
Empetrum nigrum
Tidlegare vitskapleg namn
Empetrum androgynum V.N.Vassil., Empetrum arcticum V.N.Vassil., Empetrum crassifolium Raf., Empetrum polare V.N.Vassil., Empetrum pubescens V.N.Vassil., Empetrum sibiricum V.N.Vassil., Empetrum stenopetalum V.N.Vassil., Empetrum subholarcticum V.N.Vassil., Empetrum subholarcticum pubescens (V.N.Vassil.) V.N.Vassil., Empetrum subholarcticum glabrum V.N.Vassil., Empetrum subholarcticum baicalense V.N
Artsdatabanken-ID
101783
GBIF-ID
8925249

Kommentarar (2)

svarte Sverre O. Lundal

Det er ikkje fårleg, men gode er dei ikkje. Det blir helst til at ein et fruktkjøtet og spyttar frøa ut.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg