Faktaboks

koptisk
Eige namn
ϯⲙⲉⲧⲣⲉⲙⲛ̀ⲭⲏⲙⲓ, timetremənkhēmi
Norsk namn
koptisk
Engelsk namn
Coptic
Språkfamilie

afroasiatiske språk

Status

liturgisk språk

Land

Egypt

Skriftsystem

koptisk alfabet

ISO-639:3
cop

Koptisk er eit språk som høyrer til den egyptiske greina av den afroasiatiske språkfamilien, og blir rekna som den siste fasen i utviklinga av det gamalegyptiske språket. Koptisk er det liturgiske språket i den koptiske ortodokse kyrkja og i den koptiske katolske kyrkja. Det finst truleg ingen som har hatt koptisk som førstespråk på fleire hundre år.

Koptisk vart talt i Egypt frå cirka 100 fvt. til 700-talet evt., då det etter kvart vart fortrengt av arabisk. Frå 1600-talet har det berre vore brukt som kyrkjespråk. Koptisk er det liturgiske språket i dei koptiske kyrkjene. Nærmare 10 prosent av innbyggjarane i Egypt høyrer til den koptiske kyrkja.

Endonymet for det koptiske språket er mǝntrǝmǝnkēme ⲙⲛ︤ⲧⲣⲙ︤ⲛ︤ⲕⲏⲙⲉ – bokstavleg 'egypt-menneske-språk' – medan rəmənkēme ⲣⲙ︤ⲛ︤ⲕⲏⲙⲉ tyder 'egyptar'. Landet Egypt heiter kēme ⲕⲏⲙⲉ, som eigentleg tyder 'det svarte (landet)' – med referanse til den svarte, grøderike jorda i Nildalen og Nildeltaet.

Språkfamilie

Koptisk høyrer til den egyptiske greina av den afroasiatiske språkfamilien. Dei andre greinene av denne familien er etter vanleg oppfatning semittisk, berbersk, tsjadisk, kusjittisk og omotisk.

Egyptisk står nærmast berbersk, semittisk og bedsja. Bedsja, som blir snakka i Egypt, Sudan og Eritrea, blir rekna som eit kusjittisk språk, men det er usikkert om kusjittisk berre utgjer éi grein av afroasiatisk.

Koptisk hadde seks hovuddialektar: akhmimisk i Øvre Egypt (i sør), bohairisk i den vestre delen av Nildeltaet og Aleksandria, fajjumsk i Fajjum-oasen, lykopolitansk i Nedre Egypt (i nord), oksyrynkisk eller mesokemisk i Midtre Egypt og sahidisk, med sentrum i Teben i Øvre Egypt. Dei viktigaste dialektane er bohairisk og sahidisk. Denne artikkelen tek utgangspunkt i sahidisk.

Språkhistorie

Koptisk er det siste historiske stadiet av det egyptiske språket, som er kjent frå skriftlege kjelder gjennom meir enn 4000 år. Dette er dei historiske stadia til egyptisk:

Tidlegare egyptisk, 3000–1300 fvt.:

  • Gamalegyptisk, 3000–2000 fvt.
  • Mellomegyptisk, 2000– 300 fvt.

Seinare egyptisk, 1300 fvt.–1300 evt.:

  • Sein egyptisk, 1300–700 fvt.
  • Demotisk, 700 fvt.–400-talet evt.
  • Koptisk, 300-talet til 1300-talet evt.

Mellomegyptisk blei brukt i religiøse tekstar i over 1500 år etter 1300 fvt. og blir då kalla sein mellomegyptisk.

Alfabet

Gamalegyptisk, mellomegyptisk og sein egyptisk blei skrivne med hieroglyfar, medan demotisk blei skrive med ei eiga kursivskrift, som var ei forenkling av hieroglyfane. Koptisk blir skrive med det greske alfabet – i særeigne grafiske former – pluss nokre bokstavar frå demotisk, for lydar som det greske alfabetet mangla teikn for.

Det greske alfabetet blei innført i Egypt då Aleksander den store la landet under seg i 332 fvt. Gresk var administrasjonsspråk i Egypt under det ptolemeiske kongedømet (305–30 fvt.), Romarriket (30 fvt.–330 evt.) og Austromarriket (330–646 evt.). Koptisk inneheld store mengder lånord frå gresk, til dømes baptīsma ⲃⲁⲡⲧⲓⲥⲙⲁ 'dåp'.

Det koptiske alfabetet har av 31 bokstavar. Av desse er 24 variantar av greske bokstavar, og sju er opphavleg demotiske teikn som vart nytta for å gjengi dei egyptiske lydane som ikkje eksisterte i gresk. Dei eldste koptiske tekstane vi kjenner, er daterte til 200-talet fvt. Sidan koptisk skreiv vokalane, har språket vore viktig for å tyde hieroglyfane og for studiet av det gamalegyptiske språket.

Utvikling

Det egyptiske språket endra seg sterkt gjennom 4000 år. Tidlegare egyptisk var eit syntetisk språk, eit språk med mykje bøying, medan seinare egyptisk var analytisk, eit språk med lite bøying. Medan tidlegare egyptisk var eit VSO-språk, var seinare egyptisk eit SVO-språk.

Tidsrommet frå 300-talet til 800-talet var det viktigaste for det koptiske språket. Det hadde ein rik litteratur, særleg på sahidisk, og på grunn av det tørre klimaet i Egypt har store mengder overlevd fram til våre dagar. Det blir stadig funne nye koptiske manuskript. Det finst fleire omsetjingar av Bibelen frå gresk, og mange apokryfe og heretiske (kjetterske) verk, til dømes dei gnostiske manuskripta frå Nag Hammadi.

Koptisk var det første språket som blei skrive i bøker, på fagspråk kodeksar, med hefta eller innbundne rektangulære papyrusblad, i staden for i rullar.

Mellom 639 og 646 blei Egypt hærteke av muslimar. Det førte ikkje berre til ei islamisering av Egypt, men også ei arabisering. På 1300-talet var islam blitt den dominerande religionen i Egypt, og arabisk det dominerande språket. Fram til 900-talet var koptisk likevel talemålet til dei fleste innfødde egyptarar utanfor hovudstaden. Ein reknar med at koptisk døydde ut på 1300-talet, men det kan ha overlevd noko lenger på bortgøymde stader.

Mange moderne egyptiske stadnamn har koptisk opphav, mellom anna Aswan (arabisk aswān أسوان), som kjem av koptisk Swan Ⲥⲟⲩⲁⲛ.

Sidan slutten av 1800-talet og fram til våre dagar har det vore fleire freistnader på å revitalisere det koptiske språket.

Språksystem

Koptiske ord blir i liten grad bøygde, og grammatisk informasjon kjem først og fremst til uttrykk i partiklar som står framfor substantiv, adjektiv og verb. Her er formene til substantiva maʔū ⲙⲁⲁⲩ 'mor' og jōt ⲉⲓⲱⲧ 'far':

Transkripsjon Koptisk Norsk Transkripsjon Koptisk Norsk
ū-maʔū ⲟⲩⲙⲁⲁⲩ 'ei mor' ū-jōt ⲟⲩⲉⲓⲱⲧ 'ein far'
t-maʔū ⲧⲙⲁⲁⲩ 'mora' p-jōt ⲡⲉⲓⲱⲧ 'faren'
hen-maʔū ϩⲉⲛⲙⲁⲁⲩ 'mødrer' hen-jōt ϩⲉⲛⲉⲓⲱⲧ 'fedrar'
ǝn-maʔū ⲛ︤ⲙⲁⲁⲩ 'mødrene' ǝn-jōt ⲛ︤ⲉⲓⲱⲧ 'fedrane'

Formene viser at koptisk skil mellom ubundne og bundne former og mellom eintal og fleirtal. Det er vidare eit skilje mellom hokjønn og hankjønn i bunde eintal: t‑ ⲧ‑ i hokjønn og p‑ ⲡ‑ i hankjønn.

Når adjektiv blir nytta substantivisk, tek dei partiklane i tabellen ovanfor, som i ǝn‑bǝrre ⲛ︤ⲃⲣ︤ⲣⲉ 'dei nye'. Attributive adjektiv står oftast etter substantivet og tek ein eigen attributiv-partikkel, n‑ ⲛ‑ som i p‑tah ǝn‑bǝrre ⲡⲧⲁϩ ⲛ︤ⲃⲣ︤ⲣⲉ 'det nye landet', der p‑tah ⲡⲧⲁϩ tyder 'landet'.

På same måten er det med verbet, som i desse setningane, der verba står på grå bakgrunn, i ei form som blir kalla infinitiv:

ⲁⲫⲓⲗⲓⲡⲡⲟⲥ ⲟⲩⲱⲛ ⲛ︤ⲣⲱϥ ⲉⲁϥⲁⲣⲭⲉⲓ 'Filip opna munnen sin og byrja' aphīlīppos wōn ǝnrōf eafarkhī

ⲁ- ⲫⲓⲗⲓⲡⲡⲟⲥ ⲟⲩⲱⲛ ⲛ︤- ⲣⲱ ⲉ- ⲁ- ϥ- ⲁⲣⲭⲉⲓ
a- phīlīppos wōn ǝn- -f e- a- f- arkhī
fortid Filip opne objekt munn hans og så fortid han byrje

ⲁⲓϯⲃⲁⲡⲧⲓⲥⲙⲁ ⲛⲏⲧⲛ︤ ϩⲛ︤ⲟⲩⲙⲟⲟⲩ 'Eg har døypt dykk med vatn' (Markus 1,8) aītībaptīsma nētǝn hǝnūmow

ⲁ- ⲓ- ϯ- ⲃⲁⲡⲧⲓⲥⲙⲁ ⲛⲏ- ⲧⲛ︤ ϩⲛ︤- ⲟⲩ- ⲙⲟⲟⲩ
a- ī- tī- baptīsma nē- tǝn hǝn- ū- mow
fortid eg gi dåp til dykk med ubunde vatn

Framfor verbet finn vi subjektet og partiklar som uttrykkjer tid (tempus), aspekt og om setninga er stadfestande eller nektande.

Uttale

Tabellen viser dei tretti bokstavane i det koptiske alfabetet når ein skriv den sahidiske dialekten, med den uttalen som til vanleg blir presentert i moderne grammatikkar. Dei 24 første bokstavane, frå ⲁ til ⲱ, kjem frå det greske alfabet. Dei seks siste, frå ϣ til ϯ, er lånte frå den demotiske skrifta. Vokallengd er markert med makron ( ̄ ) i transkripsjonen, til dømes ē.

A B A B A B A B
a j ī r ǝr ϣ ʃ ǝʃ
b ǝb k ǝk s ǝs ϥ f ǝf
k ǝk l ǝl t ǝt ϩ h ǝh
t m ǝm w ū ϫ ʧ ǝʧ
e n ǝn ph ϭ c ǝc
s ks ǝks kh ϯ tj
ē o ps ǝps
th p ǝp ō

Dei fleste konsonantane har to uttalemåtar, ein ikkje-stavingsberande uttale, presentert i kolonne A, og ein stavingsberande uttale, presentert i kolonne B. Den ikkje-stavingsberande uttalen av ⲕ finn vi til dømes i kōt ⲕⲱⲧ 'byggje' og den stavingsberande uttalen i til dømes tǝkto ⲧⲕ︤ⲧⲟ 'gå rundt'. Det er vanleg, men ikkje konsekvent gjennomført, å setje ein strek over konsonantar med stavingsberande uttale. Streken står rett over bokstaven eller litt til venstre. I staden for ein vassrett strek kan ein òg nytte ein skråstrek, til dømes ⲧ̀ⲕⲧⲟ.

I tillegg finst det ein glottal lukkelyd, [ʔ], som blir skriven ved å doble bokstaven for den føregåande vokalen – jamfør tōʔbe ⲧⲱⲱⲃⲉ 'murstein' i avsnittet om ordhistorie.

Trykket ligg på ei av dei to siste stavingane i eit ord.

Lånord

Det koptiske ordet tōʔbe ⲧⲱⲱⲃⲉ tydde 'murstein' og kan sporast tilbake til mellomegyptisk ɟbt.

Mursteinar i det gamle Egypt var laga av soltørka leire blanda med sand, ofte også blanda med halm eller anna organisk materiale. Slike mursteinar er framleis i bruk over store delar av Vest-Asia, Nord-Afrika, Vest-Afrika, Sør-Amerika, Mellom-Amerika, det sørlege USA og Spania.

Ordet blei lånt inn i arabisk som ṭūbaطوبة . Derfrå kom det vidare til katalansk som tova og til kastiljansk (spansk) som adobe. Den kastiljanske forma er lånt frå den arabiske forma med bunden artikkel: aṭ-ṭūba الطوبة. Frå kastiljansk tok ordet vegen inn i engelsk som adobe, og derfrå vidare til mange andre europeiske språk, også norsk, som namn på murstein laga etter den same eldgamle metoden som i det gamle Egypt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • James P. Allen: The Ancient Egyptian Language. An Historical Study. Cambridge 2013
  • Jaroslav Černý: Coptic Etymological Dictionary. Cambridge, London, New York og Melbourne 1976
  • Bentley Layton: Coptic in 20 Lessons. Introduction to Sahidic Coptic With Exercises & Vocabularies. Leuven, Paris og Dudley 2007
  • Antonio Loprieno: Ancient Egyptian. A linguistic introduction. Cambridge 1995
  • Nabil Mattar: A Study in Bohairic Coptic. Pasadena 1990
  • Richard Smith: A Concise Coptic-English Lexicon. 2. utg. Atlanta 1999
  • C.C. Walters: An Elementary Coptic Grammar of the Sahidic Dialect. Warminster 1972
  • Ahmad Abdel-Hamid Youssef: From Pharaoh's Lips. Ancient Egyptian Language in the Arabic of Today. Kairo og New York 2003

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg